Dyr
Makrellterna over vatnet
Gjennom oppveksten var ei av dei sterkaste opplevingane mine å oppdage den fyrste makrellterna blant hettemåsane.
Terner og måsar er to underfamilier av den store måsefamilien, men skil seg vesentleg frå kvarandre i utforming, flukt og levestil. Terner har ei kløft i halen og spisse vengjer.
Foto: Naïd Mubalegh
Oslofjorden, slutten av juli: Eg sit på ferja som køyrer frå Gressholmen til Rådhuskaia, nesten svevnig etter ein solfylt dag i skjergarden. Eg hadde ikkje vore på øyane på fleire år. Dei siste somrane har eg heller opphalde meg i brenneslene på ei attgrodd fylling der eg har speida etter myrsongarar – ein fugleart som melde seg for meg ganske seint i livet, men hugtok meg ved fyrste møte.
Eg har gløymt korleis indre Oslofjord ser ut. I tillegg er byen sommartom og kjennest som ein annan enn seg sjølv: Turen i nærmiljøet er ei lita reise. Eg ferdast ikkje åleine, og fuglar står ikkje i fokus i dag, men eg går med kikkert kring halsen. Ferja køyrer mjølkerute. På småholmar mellom øyane kviler storskarvar med opne vengjer og individ av ulike måseartar.
Plutseleg, i einsleg flukt over vatnet, syner han seg: ein kjend figur, men ikkje frå Oslofjorden i fyrste omgang. Synet framkallar ei stemning som vart til i ei anna tid, ein stad som ligg to tusen kilometer herifrå – byen Blois i Loire-dalen, der eg voks opp.
Fargane i fjørdrakta på denne fuglen liknar på hettemåsen i sommardrakt. Kroppen er lysegrå, nebbet raudt og hovudet dekt av ein svart kalott, men flukta er annleis, kvikk, elegant, stundom lada med spenning. Vengjene er spisse, halen har ei kløft. Denne sjøfuglen liknar eigentleg meir på ei svale. Han har fått det vitskaplege namnet Sterna hirundo. På latinsk tyder hirundo svale.
På norsk heiter han makrellterne, og det er ein av dei to terneartane som hekkar i Noreg. Den andre er raudnebbterna, som flyg fram og attende mellom Arktis og Antarktis og held rekord i lengd på trekket blant alle fuglar. Når det gjeld utsjånaden, er artane like kvarandre. For å skilje dei kan du sjå på den ytste tuppen av det raude nebbet: Er han svart, er det ei makrellterne.
Korleis ho fekk det norske namnet sitt, er uklart, men det viser i alle fall ikkje til eit tilhøve mellom rovdyr og bytte. Grunnen er heller at makrell og nett denne ternearten ofte kan sjåast i dei same områda langs norskekysten, der begge følgjer etter stimar med småfisk, sild eller ansjos, som dei jaktar på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.