Makrell i soloppgang
TOKYO: Japanarane elskar makrell. Mykje kjem frå Noreg, lagd til på vis som den sørlandske mor mi hadde nikka attkjennande til, sett bort frå saba sashimi.
Meir sørlandsk vert det ikkje i Japan: rå makrell og Kirin-øl med røter på Agder.
Alle foto: Håvard Rem
Når me kjem til sushirettane i menyen, peikar Seiko på ein av dei og seier: «Noruwee.» Nei, det er ikkje ein oransje laksebit ho peikar på. Laks kjøper japanarane frå så mange stadar og land. Ho peikar på ein glinsande, lett attkjenneleg, grøn-, blå- og svartmønstra bit av den fisken som japanarane i all hovudsak importerer frå Noreg: saba. Eller som me seier: makrell. Kvart år importerer japanarane norsk makrell for om lag ein milliard kroner, direkte frå Noreg eller omarbeidd frå Kina.
Det er kveld på kjederestauranten Sushi Zanmai i Asakusa, eit sjarmerande Tokyo-område med landsbypreg.
Fiskeoppkjøpar
Seiko er fiskeoppkjøpar for ein stor restaurant og byrjar kvar arbeidsdag på fiskemarknaden i Toyosu og Tsukiji. Ho veit kva ho peikar på. Når eg fortel henne at det er hundre sushistader i Oslo, vert ho overraska, og når eg fortel at sushi har fått norske born som trur dei ikkje likar fisk, til å lika fisk att, ler ho. Ingen land har høgare levealder og fleire hundreåringar enn Japan, og yndlingsretten til Misao Okawa, verdas eldste då ho døydde for tre år sidan, 117 år gamal, var makrellsushi.
Importen frå Noreg byrja i 1980-åra etter japansk overfiske, men då fisket tok seg kraftig opp att, ville kjennarane framleis ha norsk haustmakrell – av di han er dobbelt så feit som den heimslege. Makrell er årstid, og årstid er eit nøkkelord i haiku:
Eitt napp er mange
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.