Magesår og nytenking
Barry Marshall og Robert Warren fekk Nobelprisen fysiologi eller medisin i 2005.
Foto: Jonas Ekstromer / AP / NTB
Sjukdomen magesår har plaga menneskja gjennom tusenvis av år, men diagnosen kan ha vore vanskeleg i farne tider. Ein over 2000 år gamal mumie frå Han-dynastiets dagar fekk nyleg påvist teikn til magesår, det var i høgste grad post mortem.
Symptoma på magesår vil vera kjende for mange av lesarane: magesmerter og brystsvie nokre timar etter måltid, lindra av at ein drikk mjølk eller tek syrenøytraliserande. Det er oftast ein godarta tilstand med periodevise plager. Berre sjeldan førekjem det alvorlege komplikasjonar som perforasjon (hòl i magesekken eller tolvfingertarmen) eller bløding.
Fyrst tidleg på 1900-talet vart det mogeleg å stilla ein sikker diagnose hjå levande pasientar, med røntgenbilete etter kontrastinntak eller med gastroskopi (undersøkjaren granskar innsida av magesekken gjennom ein fiberoptisk kabel). Heilt sidan den tid og fram til kring 1990 var det opplese og vedteke at magesyra var hovudårsaka til magesår.
Etter kvart kom ein til at sterkt krydra mat og psykisk stress kunne medverka ved å auka syreproduksjonen. Tilstanden fekk stundom merkelappen «psykosomatisk», underforstått at det var psykisk stress som skadde kroppen og påførte individet sjukdom.
Ideen om at magesyra var hovudårsak, var avgjerande for behandlinga i mange år. Fyrste steg var difor syrenøytraliserande middel og lett kost, stundom med skjerming og avstressande sengeleie. I hardnakka tilfelle vart det gjort kirurgiske inngrep der ein reduserte syreproduksjonen ved å fjerna delar av magesekken eller berre dei tilhøyrande nervefibrane. Det var store inngrep, som hjelpte godt i fyrstninga, men ofte med tilbakefall.
I 1976 kom eit nytt og revolusjonerande medikament, cimetidin, som reduserte syreproduksjonen i magesekken. Det kunne nok lindra plagene, men mange pasientar måtte ta tablettane i årevis, sidan sjukdomen aldri vart kurert. Medikamentet vart ei gullgruve for lækjemiddelindustrien, med årlege sal på over 1 milliard dollar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.