– Må lukke auga for det som skjer
CAESAREA: Politisk skifta Itamar Borochov frå høgre til venstre etter å ha vore med i krigen i Libanon i 1982. Geir Olav Jørgensen møter Itamar på heimstaden hans, Caesarea.
Itamar Borochov vart fødd i Haifa og bur i Caesarea.Itamar Borochov vart fødd i Haifa og bur i Caesarea.
Foto: Geir Olav JørgensenFoto: Geir Olav Jørgensen
– Korleis er livet i Israel i dag, Itamar Borochov?
For liberale menneske som meg er det dårlege tider. Dei vert færre av oss for kvar dag som går. Du seier du har treft ein del venstrefolk som du har fått intervjua. Då må eg le litt for meg sjølv: «Korleis greidde han som kjem frå utlandet å spore opp den eine prosenten som finst igjen av oss?»
Mange av venstrefolka har gått til sentrum, eller til høgre, og dei vender ikkje tilbake. Ser ein saka frå ein slik ståstad, er livet vanskeleg her i Israel no. Men, det finst alltid eit men. Den som reiser rundt i landet, kan sjå at israelarane lever godt. På kort tid har vi greidd å stable på beina eit samfunn som fungerer. Det israelske samfunnet er moderne og demokratisk.
Men vi står overfor alvorlege utfordringar både når det gjeld palestinarane og landa rundt oss. Ingen veit kva retning det vil ta. Eg plar å seie at det går an å leve godt i Israel, dersom ein er villig til å lukke auga for det som hender på det politiske planet. Og det er det mange av oss som har gjort i årevis.
Ein ny generasjon veks opp i ein fornektande kultur, og tilpassar seg han. For å leve i det israelske samfunnet blir ein nøydd til å verne seg mot det ytre presset. Det blir ein måte å overleve på – ein må inngå visse kompromiss med seg sjølv, ein kan ikkje ta inn over seg alt som hender. Parallelt med dei brå skifta som går føre seg på det politiske planet, ønskjer ein å leve tilnærma normalt, og ein hegnar om privatlivet sitt.
Området vi lever i, er ikkje fredeleg og stabilt. Dette er ikkje Noreg. Landet vårt er ikkje sosialistisk. Vi var det ein gong, men Israel gått gjennom ei enorm endring dei siste tjue åra, og i dag er vi superkapitalistiske. No er det pengane som styrer. Kva følgjer i spora av den reine kapitalismen? Dei vanlege utfordringane som er knytte til høgt forbruk. Ein tar ekstrajobbar for å kunne halde forbruket oppe. Vi er eit folk som prøver å leve opp til den amerikanske draumen om lukke og suksess via straumen av pengar. Sjå på inventaret, på menyen, på kleda til dei som sit rundt oss, og du forstår kva eg meiner. Dette er dagens Israel. Eit høgreland. Men eg vil ikkje svartmåle samtida. Med alderen har eg innsett at også høgresida kan ha sine poeng. Eg veit at du kan møte interessante folk også på den sida, smarte personar som er verde å lytte til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.