Luksusnasjonalisme

Medan heiltidsnasjonalistane dreg slukøyra heim til andre kontinent, kan luksusnasjonalistane feira ferdig før dei dreg heim til Vest-Europa og vert antinasjonalistar att.

Publisert

Somme kjensler er vanskelegare enn andre. Nasjonalkjensla, til dømes, kva gjer me med den? Kva gjer svenskane og tyskarane med henne? Til vanskelege kjensler har me lukka rom, som eit fotball-VM. Noko av det me hugsar best frå 2006-VM, 60 år etter at tyskarane tapte verdskrigen, var at dei omsider kunne vifta med flagget sitt, på heimebane, utan å skjemmast. Når tysk sjåvinisme skulle falda seg ut att, var det i den bobla eit fotball-VM er, trygt innanfor stadionmurane, ikkje i demonstrasjonstog gatelangs. Det kom nokre år seinare.

Men det er fotball-VM berre kvar fjerde sommar. Svenske bønder fortel at dei vert mistenkte for å vera nasjonalistar viss dei pakkar graset i blå og gule rundballar. Konnotasjonane har endra seg sidan me som born vitsa om å slå einkvan til han «likna eit svensk flagg». No er dei blågule fargane mest eigna til sjølvskading.

Sett bort frå i fotball-VM. Der er det blonde og blågule landslaget og supporterhavet meir ein guilty pleasure enn eit spegelbilete av det nye vi i eit granneland med eit regjeringsparti som har programfesta å avvikla landegrensene.

Når vesteuropearar vert nasjonalistiske i eit fotball-VM, er det på fleire vis ein luksusnasjonalisme, dels av di me ikkje er nasjonalistar til dagleg, i motsetnad til mange frå andre kontinent, dels av di me gjerne vinn, i motsetnad til mange frå andre kontinent. Sjå berre på representasjonen vår i Russland-VM: I gruppespelet utgjorde dei europeiske landslaga 44 prosent, i åttedelsfinalane 63, i kvartfinalane 75 og i semifinalane 100 prosent. Medan heiltidsnasjonalistane dreg slukøyra heim til andre kontinent eller Aust-Europa, kan luksusnasjonalistane feira ferdig før dei dreg heim og vert antinasjonalistar att.

Romersk-katolsk

Størst er antinasjonalismen og minst er fedrelandskjærleiken i dei protestantiske landa, og det er me stolte av, men som ein paulinsk tagg i kjøtet veit me så altfor godt at aldri, aldri har eit protestantisk land vunne fotball-VM.

Kvifor? Dei 21 vinnarlanda har alle vore katolskdominerte, som Uruguay, Italia, Brasil, Argentina, Frankrike og Spania, eller semikatolske, som Tyskland og England, og då er meisterskapen no i 2018 òg rekna med, jamvel om finalen fyrst vert spela sundag. Finalistane er sjølvsagt katolske land, og vel å merka ikkje nasjonalt ortodokse – Russland, Serbia, Romania, Hellas og Bulgaria har stundom kome seg vidare frå gruppespelet, men aldri vunne.

VM-vinnarane er romersk-katolske, og då med vekt på romersk, for å syna at mønsteret går djupare enn religion. Det går heilt ned på sivilisasjonsnivå. Fellesnemnaren for dei 21 vinnarlanda frå Europa og Sør-Amerika er det romerske i det europeiske og det latinske i det amerikanske. Lyden som omgjev dei 22 spelarane på grasmatta, som støy frå verdsrommet eller frå ein radio mellom to stasjonar, har reist gjennom hundreåra som lyden frå Olympia og Colosseum. Frå dei meir enn halvt hundre tusen plassane der kom det like lite stille som det sundag ettermiddag kjem frå dei like mange seta i Lusjniki stadion, tidlegare Lenin stadion, når kroatiske og franske idrettsmenn gjer opp seg imellom i Moskva.

Om den romerskkatolske tru- og tankeverda har ein religionsstiftar, er det Paulus, han som stadig nytta dei heidne kappeleikane som metafor i breva sine. «Veit de ikkje at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men berre éin tek sigersprisen?» skriv han til dei same korintarane som fekk vita om «taggen i kjøtet» og at «dei vert verande desse tre: tru, von og kjærleik, og størst av dei er kjærleiken».

England–Kroatia

Det gjeld òg i fotball-VM. Der er fedrelandskjærleiken størst, medan tru og von er vanskelege å få auga på av di dei vert blanda saman, òg av profesjonelle fjernsynskommentatorar. I den siste semifinalen vona dei så sterkt at England skulle slå Kroatia, at dei trudde det sjølve. Difor kom dei med slette analysar av kampen. Føresetnaden for all analyse er å skilja mellom kva du vonar og kva du trur. Og til det treng du den kjølige fråstanden som du får når noko endå viktigare står på spel, pengar, til dømes, og difor er oddssetjarane i book­ingselskapa meir til å lita på enn fotballkommentatorane.

I TV 2-sendinga onsdag gjorde dei engelskmennene, båe spelarane og supporterane, til individ og einskildmenneske, med draumar og personlege historier, på og utanfor banen, medan kroatane vart eit andletlaust kollektiv pakka inn i ålmenne flosklar om «eit lite land».

Sant nok er dei det nest minste landet som tek seg til ein VM-finale, men kommentatorane var så blenda av kjærleiken til engelsk fotball at dei ikkje såg likskapen med førre gong England rauk ut av ein meisterskap, i EM for to år sidan.

Den gongen òg var det mot «eit lite land», Island, i ein kamp med same dramaturgi som Kroatia-nederlaget: England tok ei forventa leiing, 1–0, før det mindre landet med større fedrelandskjærleik vende kampen og vann.

Winston Churchill

Jamvel i dei desperate sluttminutta, då krampe og utmatting tok spelarar på begge lag, var det den engelske kampviljen som vart menneskeleggjord, med referansar til Winston Churchill og ein krig som nokre av oldefor­eldra til dei engelske spelarane tok del i.

At kroatiske spelarar sjølve voks opp i krig, og måtta flykta frå krig, med nære slektningar som vart drepne i krig, for berre 25 år sidan, var det aldri relevant å nemna.

Då det gjekk mot kroatisk siger, hadde TV 2-kommentatorane høve til å lyfta fram den største spelaren i kampen, og i heile meisterskapen, Luka Modric, og gje han ei historie, slik dei engelske spelarane vart gjevne, til dømes at han som liten gut var krigsflyktning i ein tragedie der bestefaren vart avretta, men nei, dei var meir opptekne av å kverulera over eit hjørnespark som dei meinte at dommaren hadde snytt England for. I neste VM vonar eg at tv-kommentatorane får lov til å flagga kven dei held med. Det vert for dumt å halda det løynt, for då berre piplar det fram no og då, til irritasjon for sjåarane.

Engelsk dominans

I ein meisterskap som meir og meir har vorte dominert av spelarar frå engelske klubbar, fann dei norske kommentatorane det heller ikkje relevant å nemna at det kroatiske landslaget så å seia er kjemisk fritt for Premier League-spelarar (av dei 23 i troppen er Liverpools Dejan Lovren den einaste), jamvel om dei spela mot eit engelsk landslag der alle spelarane kjem frå Premier League.

I gruppespelet kom 19 prosent, eller 137 av dei 736 VM-spelarane, frå den engelske ligaen. I åttedelsfinalane var talet auka til 22 og i kvartfinalane til heile 30 prosent.

Og det slutta ikkje der. Av dei 92 spelarane i dei fire landslagstroppane som kom seg til semifinale, spelar 42 til dagleg i England. 46 prosent. Halve VM. Og det ville ha vore nærare 60 prosent viss det ikkje hadde vore for Kroatia, med færre enn 5 prosent av troppen i Premier League.

Draumen brast

Men då semifinalen omsider vart avgjord, då kom vel endeleg det kroatiske perspektivet i form av overskrifter som «Krigsflyktning i VM-finale» eller «Det minste VM-finalelandet i historia»?

Å nei, det engelske perspektivet heldt seg etter kampen òg. I timane etter kampen hadde dei fem største nettstadene i Noreg for ein gongs skuld sams hovudoverskrift:

«Englands VM-drøm ble knust».