Reportasje
Logistikk i vinterland
SHINKANSEN SAKURA 546: Ei sentralmakt er ikkje betre enn jarnbanen i landet, og verdas beste ligg ein stad der kjerneverdiane er presisjon, lydnad og logistikk.
Alle foto: Håvard Rem
Eg er i himmelen for togelskarar, på shinkansen, det japanske snøggtoget, frå sumarlege Hakata på den sørlegaste av dei fire japanske hovudøyane, Kyushu, til Tokyo, og derfrå vidare til snøen i fjella kring hovudstaden.
Togferda frå Hakata til Tokyo er 120 mil, som Oslo–Bodø, i lengd, men ikkje i tid. Toget til Bodø tek 18 timar. Til Tokyo går det på ein tredel av tida, seks timar, sett bort frå at japanarane ikkje reknar ferda i timar. På billetten står det at ferda tek 353 minutt. Med stogg og togskifte inkludert er snittfarten 200 km/t.
Lydnad
Jau, det tek 353 minutt. Ferda går utan avvik. Kva for samfunnsøkonomisk gevinst gjev det høge presisjonsnivået? Kva kostar forseinkingane på Østfoldbanen i tapt arbeidstid? Og kva gjev ikkje shinkansen av arbeidstid for dei reisande? Komforten om bord er skyhøg. Nettet er stabilt. Kvinner har eigne toalett. Røykjarane har eit designrom med utsyn og frisk luft. Toget er heilt stille, nett som passasjerane, men stille er dei på metroen i storbyane òg. Japanarane er ikkje så lukka som mange trur, dei tek berre særs mykje omsyn til andre. Dei lèt privatsfæren din i fred for ljod og blikk, fram til du eventuelt inviterer til det motsette. Det er felt ned i kulturen og sett i system.
Det byrjar alt på plattforma. Der er det eit merke og eit tal for kor nett døra i vogna di kjem til å stogga, og merke for kva retning køen skal sno seg i framom kvar vogn. Japanarane smiler på ymse vis, og eitt av smila kjem når ein framand bryt ein mindre regel, som om dei seier: Av di det er så få av deg, er du berre unnataket som stadfester regelen. Innvandringa av framandkulturelle som meg er så låg at smilet sjeldan stivnar.
Omveg til Japan
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.