Historie
Ljos over grav
Frå sommarhuset ved Slependen på sølvbryllupsdagen til Emma Alvilde Marie og Elias Blix 19. juli 1896. Fremst frå venstre: Ivar, Ragnvald, Borghild, Helge. Bak: Einar, Hans, Marie.
Foto via www.eliasblix.no
All mogleg metaforikk og symbolikk omkring lyset har hatt mykje å seie i kristen idéhistorie – og i vesterlandsk oppleving av kunnskap. Så fundamental er lysmetaforikken at sjølve orienteringspunktet for overgangen til det moderne, opplysningstida, fekk namnet sitt.
Ein grunntanke for pietistane var jo at all sanning, all opplysning, er av Gud. Slik oppstod tanken om at alle må få lære ikkje berre om trua, men om alt som er sant. Blix gjer då i 1890, etter å ha vore ansvarleg, som statsråd, for undervisninga i landet, heller ikkje skil på folk: Alle kan oppleve gleda over frigjeringa, og mørkret har inga makt.
I mellomaldersk (thomistisk) filosofi stod jorda og lyset imot kvarandre. Det jordiske avgrensar oss – eit tema vi òg møter i barokkdiktinga, verdsleg som religiøs. I nyare tid har visse teologar og filosofar lese arvesyndstanken på nettopp detteviset: at synda bur i dei menneskelege, jordiske institusjonane, og at alle menneske har medansvar for å rette opp det som før har vore gjort feil. Romarbrevet får med eit slikt utgangspunkt ein stoisk, manande klang: Fri deg og andre frå det vonde folk før har skapt.
I denne påskesalmen er vi alt frisette, også frå dødsangsten. Det er ikkje berre den tomme grava i Jerusalem det lyser av; det er lys over kvar grav, våre eigne graver. Same kor finn kjeldene til synda, eller det å ikkje makte å leve som eit menneske skulle eller ordne opp i alt som skulle vore ordna, er det ikkje øydeleggjande, og det skal ikkje hindre gleda, for «ljoset og livet for alle mann, strålande opp med vår Frelsar rann», og «syndi er sona og såret grødt, livet av daude er atter født».
Hjå Blix vert lyset – anten vi skal tenkje på det som visdom og oppklåring, eller som von og frelse – forsona med jorda. I jordemørkret, løynt for oss, kjem nytt liv til. Livstreet frå Eden veks på nytt, gravene våre, vitnemåla om at vi var her til, er òg vitnemål om livssyklusen. Lyset over grava minner om at skadar (tjon) vi vert utsette for i livet, er borte. «Alle som levande på deg tru, døyande skal i ditt ljos bu»: Blix kjende vel knapt til gnostisismen, men dette biletet, at vi vert del av lyset i og med at vi døyr, seier ikkje at vi skal lengte etter døden, slik barokkens salmediktarar sukka. Men vi skal heller ikkje frykte.
Det kling eit mystisk tema her, kopla til openberringa. I renessansen tala ein om «naturens lys», dette at naturen ber på djupe løyndommar som viser oss ævelege sanningar. Tilsvarande innsikt er på Blix-manér å finne i tilforlatelege, naturlege observasjonar: Lyset glitrar i havet, ser vi når vi reiser på det, og på same viset er grava vår i lyset del av grogrunnen for livstreet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.