Sport

Livredning: «Korleis kan eg vite at eg slår passeleg hardt, og ikkje slår ein hjerneskade på vedkommande?»

Publisert

Sport før og no

– Viss han har panikk, slår du til han slik at han svimar av. På denne måten kan du enklare dra i land den personen som held på å drukne.

Det var dette me lærte på livredningskursa før. Og me forstod poenget, det er vanskeleg å redde ein panisk kavande person, i verste fall vil han dra begge ned.

Men å fyre til ein druknande person i ansiktet til han svimar av, er likevel noko eg ser for meg at eg, og fleire, hadde hatt store problem med.

Korleis kan eg vite at eg slår passeleg hardt, og ikkje slår ein hjerneskade på vedkommande? Sist veke var eg på nytt livredningskurs. Alle som skal ha ansvar for symjande elevar, må oppdatere kurset kvart år.

Sjølv om ein alltid angrar på påmeldinga idet ein står der og skal uti den mørke sjøen, er vi alle samde om at slike kurs er ei bra greie.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel