Liv i leire

EGERSUND, EIGERSUND: Sumarferda gjennom Dalane byrjar i den vesle regionale hovudstaden, Okka by, der kyrkja har vorte 400 år og fajansefabrikken museum.

Småbyen med den store kyrkja. Egersund kyrkje har 1160 sitjeplassar fordelte på fire høgder, om ein reknar med amfiet bakarst i det øvste galleriet. Ein slik storleik er uvanleg for ei tømmerkyrkje, ja, for laftebygg i det heile. I år er det 400 år sidan hovuddelen av kyrkja vart bygd.

Reportasje

Publisert Sist oppdatert

Dalane er ei skattkiste for dei sogesugne. Her har fortida vel så stor verdi som notida og vert ikkje vraka som simpelt steintøy, men verna som porselen. Der andre ser ein sprekk, les dei eit teikn. Ikkje rart at regionen er rik på museum. Alt på 500-talet var området del av eit småkongedøme. I dei fire kommunane har Dalane Folkemuseum anlegg overalt, små og store, gamle og nye.

I Jøssingfjord i Sokndal kommune i søraust er dei i ferd med å klargjera eit signalbygg som ikkje heiter Vitensenteret som i Arendal eller Vitenfabrikken som i Sandnes, men Jøssingfjord Vitenmuseum. Og der eg er nett no, i sentrum av småbyen Egersund, heiter det ikkje lenger Egersund Fayancefabrik – nei, etter at den tidlegare hjørnesteinsbedrifta forsvann i 1979, stod ho opp att som Egersund Fayancemuseum.

Christian Feyer

I staben til Dalane Folkemuseum har Agnethe Wiborg Fredheim ansvar for fajansemuseet. Ho syner meg den permanente utstillinga.

– Hadde ikkje Christian Feyer fått jobb som sorenskrivar her i byen, hadde det nok ikkje vorte noko industri- og designeventyr. Han tok med seg heile familien sin frå Larvik, der han var fut, og flytta til Egersund i 1834. Då var sonen Johan Feyer 13 år. Han var ei urokråke i klasserommet, meir interessert i natur og geologi. Sånn sett var Dalane rette staden.

Regionen har så mykje merkeleg geologi at han har fått sin eigen geopark, Magma Geopark. Fredheim held fram:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement