JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Liv, humor og brodd

16. mai slo NRK til med eit godt portrett av Oddvar Torsheim, laga til 85-årsdagen hans i november i fjor. All honnør til produksjonsselskapet Niccofilm.

Foto: Pål Bråtelund

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4641
20240524

Oddvar Torsheim

Målar, grafikar, teiknar og forfattar

Fødd i 1938, bur i Førde

Tidlegare gift med Magnhild. Eitt barn, Jorunn. Tre barnebarn, Jacob, Daniel og Nils

Debuterte på Haustutstillinga i Oslo i 1963

Innkjøpt av Nasjonalmuseet

Ein kan ikkje anna enn lika Oddvar Torsheim. Han er eit oppkome av morosame kommentarar: «Ei sinna dotter er betre enn ti terapeutar.» «Ein kan henge i barar og løysa kunstnariske problem, men noko kunst vert det ikkje av det.»

Som Ottar Wiik har skildra han i Tre favorittar-spalta i Dag og Tid: «Ei vandrande multimedieframsyning med raudt skjerf og skulderveske full av notatbøker og skallen full av nye idear.»

Inhabil

Sjølv har eg ikkje roskompetanse, eg er ingen kunstekspert. Dessutan er eg inhabil: Eg hadde Magnhild Arstein, den beste og flottaste lærarinna i Sunnfjord prosti, som lærar dei tre fyrste skuleåra mine på Førde barneskule. Magnhild var gift med Oddvar Torsheim. Ho var ei gåve for oss elevane, ikkje minst fordi ho lærte oss songar utanboks: «Vesle guten oppi bakken, grøne vesten, snor om hatten, han friar til meg.» I tillegg var mor mi dagmamma for Jorunn, dottera.

Men her i avisa tel det trass alt meir at Dag og Tid i mange år har hatt glede av kunsten til Oddvar Torsheim. Han har aldri vore fast teiknar i Dag og Tid, men han hadde så mange teikningar på trykk i avisa på 70- og 80-talet at vi må kunna skryta han på oss. Dessutan dekorerte han aksjebreva då Dag og Tid utvida aksjekapitalen.

«Ny generasjon» (1976), olje på lerret.

«Ny generasjon» (1976), olje på lerret.

Ei bygd med energi

Oddvar Torsheim kom rett frå Det Kongelige Kunstakademi i København til Førde – ein då uskuldige gamal embetsmannsstad som raskt skulle koma til å eksplodera i utbyggingar og innvandring frå bygdene rundt. Frå rekkjehuset i Halbrendslia hadde Torsheim godt utsyn over mykje av utbygginga i bygda, ikkje minst det nye skipsverftet og den vesle flyplassen der Twin Otter-flya flaug lågt over hustaka i bygda under innflyginga.

«Vi må kunna skryta på oss Torsheim som litt vår òg.»

Førde har med rette fått tyn for vilkårleg arkitektur og dårleg stadutvikling på 60- og 70-talet. Eg var personleg vitne til at dei reiv det gamle ærverdige Bøkely pensjonat – med ei Raudekrossen-knipsespelkasse for femøringar ståande i resepsjonen – og bygde opp att eit nitrist Domus-bygg.

Men Texas-stemninga og den store tilflyttinga til bygda skapte òg energi og tiltakslyst. Det skjedde alltid noko i Førde. Noko kulturlivet fekk glede av, med Oddvar Torsheim i spissen.

Unik strek

Bileta hans har liv, humor, surrealisme, ironi – og brodd mot miljøøydelegginga, kommersialiseringa, fanatismen, mørkemennene og alt det han og tida han har levd i, har vore opptekne av. Alltid gjekk han rett på sak. Men ikkje tru at han karikerte samtida, sjølv meiner han at han kopierte ho. Alt i ein særeigen strek. Ifylgje ein som har roskompetanse, Jon Fosse, er det streken som er det unike i biletkunsten til Torsheim – og den streken finst det kanskje berre éin av i heile verda.

Torsheims eigne favorittar avslørte han for Dag og Tid for nokre år sidan er: «Susanna frå Sunnfjord», «Katt og mus» og «Hunden til psykologen». Førebileta hans er teikningane til Picasso og plakatane til den franske kunstnaren Toulouse-Lautrec. Kanskje det er sistnemnde som òg har inspirert han til å gå med raudt skjerf?

Songaren

Og så har du songaren og tekstforfattaren Torsheim. Han er ingen storsongar, men som han har sagt ein stad, syng han betre enn Pavarotti målar. I NRK-programmet fekk vi høyra den gripande songen «Galningen» – med tekst og resitering av Torsheim sjølv og melodi av Benny Borg. Ein fengjande melodi, og ei lita perle av ein sørgmodig tekst som syner omsuta Torsheim har for dei utstøytte. Teksten er inspirert av Beatles-songen «The Fool on the Hill» frå EP-plata Magical Mystery Tour frå 1967, og av skillingsvisa mor hans song i barndomsheimen på 1940-talet.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid.

Galningen

Dag etter dag, galningen sit,
oppe på fjellet og ser ned i dalen,
der han miste sitt vit,
der alle bad han dra til den
der heite plassen du veit
der alle fortalde flittig
kor utruleg han var teit.
Han er grå i sitt fjæs,
han er hurklet og hæs,
mens ein iskald vind blæs.

Fjellet er kaldt, tåra er salt,
Men dette var hans heimplass
då det verkeleg galdt.
Og bruene er brende,
og hans hus i dalen er vekk,
og dei som sa dei var vener,
dei rann bort som i ein bekk:
Kvifor er nokre slik
at dei går over lik,
kvifor er folk så frekk?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis