Dyr
Linerla – løyndomsfull kjenning
Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.
Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.
Foto: Naïd Mubalegh
I slutten av april drog eg frå Oslo til Lindesnes for å treffe ornitologar frå alle landsdelar. Då eg steig ut av bilen, flaug ei linerle over hovudet på oss, med sine skarpe, tvifalde fluktrop: «Tsitsi-tsitsi!» No var tida verkeleg inne for å skrive om henne…
Ho hadde alt vore i Sør-Noreg ei stund, og ein informant i Harstad hadde nyleg sett henne for fyrste gong i år. Då eg høyrde henne over oss, spurde eg den eine av reisefellane mine, som var komen frå Nord-Troms, om linerla var på plass der òg. Neppe, der og i Finnmark låg snøen framleis djupt. Vårtrekket er ein lang prosess, sett frå eit land så utstrekt som Noreg.
Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat. Dette veit til dømes fiskeørneksperten Rune Aae, som fleire gonger har funne linerlereir i høge strøk, inne i reir til fiskeørn. Der et linerla gjerne insekt som beiter på fiskerestar.
Men vanlegare er det andre plassar i bygd og by, langs vassdrag, så lenge det finst holrom og sprekkar å byggje reir i, og virvellause dyr – gjerne tovengjer – å ete. Også i nærleiken av menneske kan linerla vere kreativ når det gjeld reirbygging: Større køyretøy som står stille, og der det finst rom mellom hjul og karosseri, kan verte valde som reirplass av den minst skye og minst fargerike av dei tre erleartane som hekkar i Noreg, linerle, vintererle og gulerle. Det er vanleg for linerlepar å få to kull mellom april og august, til og med tre lenger sør.
Under trekket og om vinteren samlar linerler seg i store flokkar om kveldane og søv på felles soveplassar, til dømes i takrøyrskogar. Om dagen held nokre av dei seg enkelt- eller parvis innanfor faste revir, medan andre beitar i felles område.
I Noreg er linerla for mange eit viktig vårteikn. Meir enn det – for dei som ser dei vende attende kvart år til same stad, anten det er til garden eller stølen, verkar linerlene nærmast som slektningar. «Det er vel dei same som kjem attende år etter år», reknar dei med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.