Kunnskap

Leveriktar

Ødem under kjeven er eit vanleg symptom på leverskade og kan tyde på infeksjon med den store leverikten.
Ødem under kjeven er eit vanleg symptom på leverskade og kan tyde på infeksjon med den store leverikten.
Publisert

Ein parasittsjukdom med fleire tusen års historie fører enno til store helseplager for dyr og menneske over heile verda. Tvikjønna flatormar kan leve i årevis inne i levergangane til dyr og menneske. Parasittlarvar angrip hjernen til maur og gjer dei til viljelause zombiar. Spalta denne veka skal med andre ord handle om leveriktar.

Iktar er flate, uledda parasittar som ofte har fisk, fugl og pattedyr som hovudvert. Det vil seie at parasittane blir kjønnsmogne og produserer nye egg hos dei, men dei kan ha mange ulike mellomvertar, der iktelarvane utviklar seg og driv med ukjønna formeiring. Dei største iktane har ofte ein litt firkanta fasong, noko som på folkemunne har gitt dei tilnamnet «flyndre», den same tydinga finn vi att i fluke, det engelske ordet for ikte.

Den store leverikten

Den store leverikten, Fasciola hepatica, kan bli 2 til 3 cm lang, leve i 20 år og leggje fleire tusen egg om dagen. Iktane lever inne i gallegangane til grasetarar, egga kjem ut med avføringa og klekkjer etter eit par veker ute på bakken. Dei nyfødde larvane har eitt mål: å bore seg inn i ein spesiell snigelart (sumpdamsnigel, Galba trunculata) og utvikle seg vidare der. Eit par månader seinare har dei blitt til små haleiktar som sym ut i vatnet, festar seg til grasstråa på beitet og kapslar seg inn der til dei blir etne av ein ny hovudvert.

Det kunne vore naturleg at iktelarvane som kjem inn i tarmen, skulle finne vegen opp gallegangane eller følgje blodstraumen til levra. Slik er det hos den vesle leverikten, men den store leverikten har funne ein annan metode. Her et larvane seg rett gjennom tarmveggen og legg ut på vandring inne i bukhola.

Iktane ser heldigvis ut til å vere svært glade i lukta av levervev og gallestoff. Difor finn dei fleste fram til levra og borar seg inn i henne frå utsida, og etter å ha gnaga seg rundt i levra nokre veker slår dei seg til slutt ned som vaksne iktar inne i gallegangane. Nokre få larvar går seg vill der inne i mørkeret og hamnar i andre organ: lungene, auga eller hjernen, noko som ikkje er så triveleg for verten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement