Lektoren frå Tørdal

Asbjørn Lauvstad er lektoren som blei aksjespekulant, så raka fant. Han fann det gode livet i statsbyråkratiet.

Asbjørn Lauvstad er ein ivrig trimmar, og fleire gonger i veka går han i hurtig tempo frå leilegheita til Tryvannstårnet.
Asbjørn Lauvstad er ein ivrig trimmar, og fleire gonger i veka går han i hurtig tempo frå leilegheita til Tryvannstårnet.
Publisert Sist oppdatert

Og der kjem Asbjørn Lauvstad (78) i fullt firsprang opp frå kjellarleilegheita han leiger i Dagaliveien i Oslo, og for ein fart han har, det er som om han skal rekke noko, eller er det noko han vil sleppe unna?

Han går der nok aldeles i eigne tankar, for når eg seier «hei, hei», rykker heile kroppen til, han bråstansar, løftar blikket og mumlar «du er her alt, ja», og det er eg, fem minuttar før avtalt tid.

No til spørsmålet: Kor skal vi gjere dette intervjuet? Nei, noko «heime hos» er heilt uaktuelt, seier han, men han hadde tenkt å foreslå at vi kunne sette oss på eldresenteret på Slemdal? Men det er jo slik ein varm og solrik dag, så etter litt fram og attende blir det til at han skal spørje husvertinna om vi ikkje kan få sitte i hagen hennar, og det kan vi så visst.

Ho turkar pollen av stolar og finn fram puter, og spør så om vi ikkje vil ha kaffi. Til det takkar Asbjørn Lauvstad kontant «nei!», det er som ein refleks, men i same stund takkar eg «ja!». Denne motseiinga heng der i lufta nokre sekund, og han ser brydd mot vertinna, seier: «OK, eg kan ta ein kopp for å halde han med selskap.»

Og der sit vi altså, lektor og elev, på lånte stolar i ein hage ved foten av Holmenkollåsen, og den gamle historielæraren min ser litt, ja, ukomfortabel ut. Han verkar stiv, keitete, og sit uroleg.

– Det var ein tanke eg gjorde meg etter at du ringde, innleier Asbjørn Lauvstad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement