Leif Rygg (1940–2018)Den gode spelemannen og det velmeinande mennesket Leif Rygg er ikkje synleg blant oss lenger. Han døydde den 4. februar etter nokre års sjukdom, 77 år gamal.

Publisert

Den gode spelemannen og det velmeinande mennesket Leif Rygg er ikkje synleg blant oss lenger. Han døydde den 4. februar etter nokre års sjukdom, 77 år gamal.

Det som vil stå att etter Leif, i mine augo og mitt minne, er den inderleg varme tonen i fela, det gode humøret og den positive innstillinga han bar med seg der han kom. Som spelemann er han uerstatteleg. Han var ein meister. Han hadde ein tone, ein sugande kontakt mellom boge og streng, som mang ein strykemusikar – folkemusikalsk eller klassisk – kan misunne han.

Han spela slåttane slik han hadde lært dei, i det store og heile, men dei fekk hans personlege preg gjennom det tolkingspotensialet som denne evna til å forme tonen gav han. Saman med ein varsam, subtil bruk av ornamentikk i venstrehanda gav dette det tekniske verktøyet for ei formidling som gjekk rett i hjarta på tilhøyrarane: Med fele og boge i hendene vart han sjølv eit instrument.

Der synest vera ei særeigen kraft i hardingfelespelet, i den tradisjonelle folkemusikken, og for å ta del i denne krafta må ein opne seg for musikken – koma på innsida av han, anten det no er som utøvar eller publikum. Solospelet er eit kunstuttrykk som krev noko av lydaren.

Alle som har høyrt mykje spel, og sett andre fatte interesse, veit det: Når ein er villig til å leggje bak seg den første distansen og koma på innsida, finne inn til uttrykket i spelet, kan store opplevingar vente. Og eitt aspekt ved slike opplevingar er krafta. Denne krafta talar hjå dei gode utøvarane – anten det er gjennom ein virtuos, iøyrefallande og rytmisk slått eller gjennom det lyriske, penslande uttrykket.

Denne krafta levde i Leif Rygg. Ho hadde del i det uslitelege engasjementet hans for slåttespelet, både som utøvar og i det organiserte folkemusikkmiljøet. Som utøvar nådde han langt også i ytre mål: Han vann landskappleiken i hardingfele klasse A fem gonger. Han var heidersmedlem i Landslaget for spelemenn og vart i 2010 tildelt heidersprisen av Rådet for folkemusikk og folkedans for ekstraordinær innsats for folkemusikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement