Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.
Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.
Publisert

I byrjinga av september for nokre år sidan vart eg invitert til å delta på ringmerking av låvesvaler. Tidspunktet for møtet var skumringa, og møteplassen var eit tjern på Hadeland, sør i Innlandet. Ved dette tjernet stod det rikeleg med takrøyr. Eg vart vist inn i takrøyrskogen. Gøymt i vegetasjonen stod eit langt fangstnett klart til å ta imot fuglar.

Etter å ha skrudd på låvesvalesong, ei variert babling frå ein høgtalar som låg på bakken, trekte vi oss unna og venta. Mørket senka seg over plassen. Då vi sjekka nettet etter tjue minutt, bogna det med fuglar. I lyset frå hovudlykta glinsa svartblå overkroppar og raude kinn: Alle var låvesvaler. Eg lærte om dei praktiske tilpassingane arten krev av ringmerkaren.

For å unngå beinbrot skal ringmerkaren halde fuglen i øvste del av beinet (leggen). Held ein i nedste del rett over tærne, kan spenningar som oppstår viss fuglen flaksar med vengjene, føre til at tarsen knekk. Men låvesvala tel blant unntaka. Den må ein halde rett over foten. Leggen er så kort at det ikkje finst så mykje å gripe i der, og om ein prøver på det, kan ein forårsaka meir skade enn gagn.

Både svaler og seglarar har i løpet av evolusjonen fått svært korte bein. Dei er dårlege til å gå, men gode til å halda seg fast når dei sit. Elles held svaler seg mykje av tida i lufta, seglarar i endå større grad. Til alt hell er den nedste delen av beina sterk hjå låvesvala, som også ter seg roleg i nettet.

Den kvelden låg dei urørlege i maskene då vi kom, og lét seg lett ta ut. Kanskje dei var klare for natta – takrøyret ved tjernet tente som sovesal for dei. Dette visste sjølvsagt den lokalkjende ornitologen som hadde sendt invitasjonen.

Før dei trekkjer frå hekkeplassane til overvintringsområda, dannar låvesvaler i alle aldrar store koloniar på opptil fleire tusen individ. På den tida av året er takrøyr eit verdsett habitat om natta. Det gjev ly for både uvêr og rovfugl.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement