Reportasje

Latter og litt fred

Etter to år med Nils Evanger (70) i tysk står to ting att: latter og «Ein bisschen Frieden».

Nils Evanger stortreivst som student på universitet i Oslo, og då han var i sitt 46. år reiste han frå Odda og starta eit nytt liv i hovudstaden. «Det er her alt skjer», som han seier.
Nils Evanger stortreivst som student på universitet i Oslo, og då han var i sitt 46. år reiste han frå Odda og starta eit nytt liv i hovudstaden. «Det er her alt skjer», som han seier.
Publisert

Komm mal rein!

Bzzzz. Eg dreg opp døra og smett inn, og ho slamrar igjen med ein smell. Det er eit valdsamt ekko der i trappeoppgangen, kvart steg gjallar i murveggane, kor høgt skal eg? Jo, der, i tredje etasje, står Nils Evanger i døra og smiler breitt, sjølvsagt gjer han det, for det slik eg hugsar han, ein gladlynt og lattersprengd tysklærar på Odda gymnas.

Komm mal rein, gjentek han.

Danke sehr, seier eg, for litt tysk lærte eg.

Han tek jakka mi og henger henne opp i garderobeskapet.

Vielleicht sollten wir Deutsch sprechen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement