Teknologi
Lasermåling
Laseren på McDonald siktar mot månen og satellittar.
Kjelde: Mcdonaldobservatory
Eg ligg på golvet og har det moro. Kan lukke kjøpast? Sjølvsagt. Eg måler opp golvet med den nyerverva lasermålaren min. Den raudoransje strålen, med bylgjelengde på 635 nanometer, dansar rundt i rommet.
Eg legg målaren inntil veggen i stova, og han stabiliserer seg på 5,099 meter. Så måler eg på tvers, 5,215 meter, og med eit dobbeltknepp reknar målaren ut at stova er 26,59 kvadratmeter stor. Eg ser på tommelen min og blodblemma eg fekk då stålmålbandet lengta heim til huset sitt i går. Smerte får ein til å handla.
Somme mannfolk elskar å kjøpa nytt verktøy, eg er nok i andre enden av skalaen, men no måler eg opp heile bustaden utan at eg treng å gjera det. Du har nok alt gissa det. Eg har no ein 3D-modell av husværet mitt. Alt dette vert gjort i salige Galileo Galileis ånd: Tel det som kan teljast, mål det som er målbart, og det som ikkje er målbart, gjer det målbart.
Den viktigaste komponenten i målaren er laserdioden. Han er bygd opp av to halvleiarar med eit nøytralt lag i midten, ein pin-diode. Det er i det nøytrale laget det skjer. Når det går straum igjennom dioden, ramlar frie elektron ned i hol som er etterlatne av elektron som har vandra vidare. Når elektron ramlar, vert det sendt ut ljos som igjen stimulerer andre atom til å senda ut ljos som alle har same bylgjelengde.
Bylgjelengda er bestemt av materialet i det nøytrale laget. Det vert sendt ut ljos i alle retningar som svingar i takt, og ved å samla ljoset med ei linse kan ein få mykje energi på ei lita overflate. I den vetle prikken eg ser på veggen, er det maksimalt 1 mW ljosenergi.
Databladet til lasermålaren fortel at han er av laserklasse 2. Det vil seia låg effekt under 1 mW og synleg ljos som berre er farleg dersom ein ser rett inn i strålen over lengre tid. Laserstråling er skadeleg for auga på grunn av varme. Sjølv laserar med moderat effekt kan gje augeskadar, då den tynne strålen som svingar i takt, vert fokusert på eit lite område av netthinna. Eg, den tryggleiksnarkomane, gøymer likevel målaren for ungar og andre forvitne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.