Mat
Langsam ragu
Alle til bords!
Alle foto: Dagfinn Nordbø
I dei førre to spaltene mine har eg konsentrert meg om snøggmat, altså rettar som kan lagast til på under ein halvtime. Ikkje noko i vegen med dei, det moderne livet krev jo slikt iblant, og det kan bli fullgode måltid av det. Men så er eg slik skrudd saman at hjartet mitt bankar for den langsame maten, som kan få fram smakar og nyansar den snøggare maten ikkje rekk å kome i nærleiken av.
Så om eg ein fredag har valet mellom tre–fire program om maskerte halvkjendisar som gjer ting dei absolutt ikkje kan, skrur eg heller av TV-en og skipar til eit større kjøkenprosjekt.
Blant favorittane er tomatsaus med kjøt, som ofte blir kalla bolognese, altså frå den drustelege italienske matbyen Bologna. Og ein ragu, ein retteleg bolognesesaus som vi òg kjenner han som her i landet, skal ikkje serverast på spagetti, men på tagliatelle, ein breibandspasta som lettare får med seg sausen.
Men no til verket: Sidan dette er i helga og ein kan ta seg god tid, skal du aller fyrst opne ei flaske raudvin. For som den legendariske rocka TV-kokken Keith Floyd sa: «I always cook with wine. Sometimes I even put it in the food.»
Set vinglaset på bordet og ta med deg skjerefjøl, skarp kniv og grønsaker inn i stova eller på kjøkenet. Der kan du sitje i ro og fred og skjere opp din sofrito av like delar gulrot, lauk og stongselleri. Del opp grønsakene i like store firkantar, så dei får god steikjeflate. Ikkje hakk dei i matmølla. Eg likar sausen med litt tyggjemotstand, så det gjer ikkje noko om nokre av bitane er opptil ein centimeter.
Med 400 gram hakka kjøt er det passe med om lag like stor mengd grønsaker. Surr dei i olje, gjerne kvar for seg om det er mykje, og ha så alt i den store gryta saman med hakka kvitlauk i temmeleg store mengder eller etter smak. Sprøsteik så 200 gram bacon eller pancetta i terningar – eg var så heldig å ha ungpurkebacon frå vossetraktene – og legg det i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.