LangrennKor lenge får me sjå klassisk skirenn? Det er ei nyting å sjå Martin Sundby eller Johannes
Kor lenge får me sjå klassisk skirenn? Det er ei nyting å sjå Martin Johnsrud Sundby eller Johannes Høsflot Klæbo, for ikkje å gløyme den svenske atleten Daniel Rickardsson, gå langrenn i klassisk stil.
Daniel Rickardsson i fint driv på 4x10 km OL-stafett i Pyeongchang i Sør-Korea i år.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB scanpix
Skiathlon er ein underleg variant; altså skibyte og byting av stil; frå dei første 15 kilometerane med klassisk til dei siste med 15 kilometer skøyting.
Etter halvgått løp samlar skiløparane seg rundt ein lang bås med byteski; trur det blir kalla «pit» – han ser litt merkeleg ut der han ligg mellom løypene, og det er nesten slik at eg ser etter bårer, ettersom det er noko hospitalaktig over det heile – der det klassiske sporet sluttar og skøytedelen tek over; der skøyteskia og stavane ventar på å bli bytt ut med dei klassiske skia.
Eg anar kva som er så viktig med å skifte ski, og stavar, som om det eine paret, altså skøyteskia, er tilpassa den klønete måten å gå på; det ser jo ut som løparane har hofteleddsdysplasi, som om skøyteskia, for ikkje å gløyme stavane, skal avlaste hofteskadane.
Å gå diagonalt klassisk er skigåingas naturlege gange, og ein kraftig forlenging av det å gå, og fjernsynsbileta bør vere tekne frå sida, då kjem det fram kor mykje stil og gli spelar inn; å gå klassisk lokkar fram dei diagonale trekka som søv i kroppen og som den klassiske stilen vekkjer opp og bryt grunnleggande med skøyting, om enn, det skal ikkje stikkast under ein stol, mange går fint på skiskøyting, om enn det ikkje tar vekk hoftebruken, dei stive beina, den tunge, muskuløse rumpa og ei slags stamping.
Det er nesten som om den svenske hopparen Jan Boklöv, som øydela skihopping, òg har hatt ein finger med i spelet her, og aldri meir får vi sjå ein hoppar som Toralf Engan; no handlar alt om fart og lengder, og ikkje om stil.
Og kor lenge får me sjå klassisk skirenn, det er jo trist om den klassiske delen av langrenn blir borte, for det er jo ei nyting å sjå Martin Johnsrud Sundby eller Johannes Høsflot Klæbo, for ikkje å gløyme den svenske atleten Daniel Rickardsson.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.