Kunnskap
Lakselus
Eit alvorleg lusetilfelle på ein liten laks på helgelandskysten sommaren 2013.
Foto: Arve Nilsen
Laksen flaut roleg i overflata med kvitsida opp. Berre nokre få, krappe slag med gjellelokka viste at han framleis var i live. Den gamle fiskaren som hadde bytt yrke til lakseoppdrettar her ute på ei lita øy på helgelandskysten, var rasande, og røysta hans skalv av rettvis harme: «Du drap fisken min!»
Eg sjølv stod litt tafatt i båten med ein håv i handa og ein liten plastdunk med sjøvatn og fiskebedøving framføre meg. Dette var sommaren 1995, og eg hadde akkurat hatt ein ikkje heilt vellukka demonstrasjon av luseteljing på ein bedøvd laks. Men til all lukke velta fisken brått over på sida, fekk ryggen i vêret, slo med sporden og forsvann i det mørke vatnet. Den gamle mannen vart litt mildare stemd, men meir luseteljing og fiskeplaging vart det ikkje den dagen.
No i veke 40 i året 2020 blir det telt lus for harde livet i alle oppdrettsanlegg. Tala tyder på at det er meir lus på laksen enn det har vore på lang tid, og verst er det i Trøndelag og Nordland, trass i at folk på anlegga strevar livet av seg natt og dag for å behandle fisken mot lus. Kvifor er det slik?
Tid og temperatur
Årstida har mykje å seie. Lakselus er ein type hoppekreps der dei vaksne parasittane lever på skinnet til laks og aure i sjøen (men om fisken går opp i ferskvatn, døyr lusa og ramlar av). Holusa lagar lange strengar med egg, frå desse strengane blir det klekt små luselarver, som driv med havstraumane i nokre dagar før dei blir store nok til å setje seg fast på ein fisk. Der veks dei fort og skifter skal til dei er blitt vaksne lus og heile runddansen kan byrje om igjen.
Generasjonstida blir mykje kortare når vatnet er varmt, det vil seie at luseproblema er størst frå jonsok til slutten av september, og det er den perioden vi nett har lagt bak oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.