¿ Kyrkja i Ntarama
RWANDA: Dei fleste har fått spørsmålet: Kor var du då tvillingtårna i New York styrta saman? Eg låg og sov, full av vonde inntrykk, nett komen heim frå ei reise i Rwanda.
I eit tilbygg av bambustre ligg hovudskallane, mange av dei med hòl etter machetehogg.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
Esther budde i ei hytte rett over vegen, så då eg omsider fann fram til kyrkja, var det ho som kom og låste opp. Frå hovudstaden Kigali er det ein time å køyra til Ntarama.
I dag er Ntarama-kyrkja skjerma mot vêr og vind av eit stort, høgt vernebygg i stål, som domkyrkjeruinane på Hamar, men ein septemberdag i 2001 stod mursteinsbygget der om lag slik det hadde vorte forlate sju år tidlegare, som ein av dei mest grufulle åstadene for massakrane i Rwanda våren 1994.
Den ytre ramma om folkemordminna er grøne landskap som fløymer over av livskraft og vegetasjon. Då eg kom heim, freista eg å skriva om det eg hadde sett og høyrt, men det tok fleire år, og det vart ei blanding av eit dikt og ei bøn som byrjar slik:
Du som kviler under byen
Du skyt som senete plantar opp
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.