Kunnskap
Kvifor får kua mjølkefeber?
Mjølkefeber hos ku kjem ofte brått på, og utan behandling vil kua som regel døy innan få timar.
Kjelde: Shutterstock
Då den unge gardbrukaren i Alta kom inn i fjøset ein kveld no i september, såg han raskt at ei av kyrne ikkje var heilt i form. Kua var slapp og utan matlyst, og ho verka kald på øyra og bringa. Han forstod at dette kunne vere eit tilfelle av mjølkefeber, og prøvde å få tak i veterinæren.
Men i Alta har dei sidan 31. juli ikkje hatt nokon avtale om veterinærvakt, og dyrlege fekk han ikkje kontakt med før tidleg neste morgon. Då var det for seint, og kua døydde før veterinæren rakk fram til fjøset.
Brått og alvorleg
Mjølkefeber er eit brått fall i nivået av fritt kalsium i blodet, hos kyr kjem dette som oftast i tida rundt kalving. Kalsium er eit av dei vanlegaste grunnstoffa på jorda, og det har mange viktige funksjonar i alle levande organismar. For det første er kalsium naudsynt for å løyse ut dei kjemiske signalstoffa som sender meldingar mellom nervecellene i kroppen. Og inne i muskelcellene må det alltid vere nok fritt kalsium for at muskelfibrane skal klare å trekkje seg saman og gjere jobben sin. Nivået av kalsium i blodet til kyr er nøye regulert og ligg vanlegvis på 2 til 3 mmol/L. Fell det under 1,4 mmol/L, vil det hemme både nervesignal og muskelkraft.
Noko av det første som skjer når kalsiumnivået i blodet fell, er at hjartet slår raskare og veikare og blodtrykket fell. Trass i namnet mjølkefeber er effekten at kroppstemperaturen går ned (36–38 °C), og huda kjennest kald. Muskulaturen i tarmane og andre indre organ blir svekte, og det første teiknet til mjølkefeber er ofte at kua mister matlysta.
Kjem anfallet før kalvinga, kan fødselen stoppe opp. Skjer det rett etter kalvinga, kan heile livmora ramle ut. Men held kalsiumverdiane fram med å falle, klarar ikkje kua å stå på føtene, og ho vil leggje seg ned i brystleie. Utan behandling vil dei fleste velte over på sida og døy innan 12 til 24 timar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.