Sport
Kveldens høgdepunkt
Ta sjansen i Holmenkollen. Legg merke til publikum, den gong ofte i bar overkropp. Meir frilynt då, eller berre redde for å sveitte ut skjorta?
Foto: Thomas Bjørnflaten / NTB
Sport er alvor og underhaldning. Eit interessant fjernsynsfenomen som fyrste gong vart sendt i 1983, var Ta sjansen. Kven som helst kunne bygge sin eigen «vann-vittige» båt, med eit artig litt på kanten-tema. Eg hugsar både «Glad Laksen» og «Bollemus».
Showet gjekk føre seg i Holmenkollen, og båtane vart sleppte ned i det kunstige Besserudtjernet. Dei smartaste hadde bygd ein liten båt som suste ut frå den store båten. Tryggleik brydde få seg om. Deltakarane ramla oppå kvarandre under vatnet, surra inn i tau og diverse lite miljøvennleg materiale. Den som raskast klarte å ringje i bjølla ute i tjernet, tok sigeren, men vanlegvis vart nedfarten ein fiasko, og hockeysveisane heldt på å le seg i hel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.