Humor
Kva er slapstick?
Charlie Chaplin i «His New Job» frå 1918.
Vi vil ikkje falle. Vi vil ikkje miste andlet. Vi vil ikkje ramle i vatnet som vrimlar av krokodillar. Vi vil ikkje ha ei blomsterpotte eller ein lastebil i hovudet, eller knuse alle porselenstallerkane i Glasmagasinet ved eit uhell.
Dette har manusforfattarar, komikarar, dramaturgar og skodespelarar visst i hundrevis av år. Godt laga slapstickhumor er vanlegvis ein sikker veg til suksess. Men kva er eigentleg ein slapstick? Jo, den engelsk-amerikanske omsettinga av det italienske batacchio, som òg kan tyde dørhammar. I teatret er det ei innretning av to flate trepinnar med eit hengsel. Ho lagar eit skarpt smell, sjølv når ho blir bevega ganske lett. Dimed kunne to komediantar «slåst» på scena og få det til å høyrast ut som ein valdeleg batalje, ein analog forløpar til dei hypermoderne filmeffektane i vår tid. Sjølv om innretninga er gamal, er ordet slapstick relativt nytt og beskriv no gjerne fysisk humor der kroppen er i sentrum for det komiske: Gummitryne og idiotiske grimasar er ein gjengangar, og det er jo noko alle barn og leikande vaksne driv med og kjenner att. (Mitt eige glansnummer kalla eg «gorilla vrengtryne opp ned».) Slapsticker ofte kroppar som får gjennomgå på ulike måtar, anten ved klumsing og uhell – eller overdriven vald som vert dregen over i det komiske, som hos filmskaparen Quentin Tarantino.
Sjølv har eg ledd av slapstick sidan eg var barn, og eg kjem alltid til å le av det. I heimen min hadde vi ikkje TV før i 1968, men iblant var eg hjå ein nabo når NRK viste stumfilm. Noreg hadde ingen eigenproduksjon av barne-TV då, så tilbodet var Bob Monkhouse som viste kavalkadar med dei store stjernene: Charlie Chaplin, Buster Keaton, Laurel & Hardy (Helan og Halvan), Ben Turpin, heile bøtteballetten. Ein vedunderleg sjanger, med filmar som fint toler gjensyn i dag.
Slapstickrøtene går langt tilbake, til dømes som dokketeater og gateteater. I britisk humor er «Punch and Judy» ein klassikar alle kjenner, og blir vanlegvis framført av éin dokkeførar. Historia til Punch and Judy går attende til 1600-talet og den italienske teaterforma commedia dell’arte, og typekarakteren Pulcinella. Den store stjerna i Punch and Judy var skodespelar Martin Powell. Han trekte store publikum i mange land og vert rekna som han som gav konseptet form, da han opptredde i Covent Garden. Opphavleg var Punch and Judy komedie meint for vaksne, og det var ikkje uvanleg at den ganske så slemme Punch plutseleg fekk besøk av sjølvaste djevelen. Ofte kjem dokteren innom, noko som igjen viser tilbake til commedia dell’arte, der Il Dottore var ein fast karakter. I dag finst ei rekke variantar basert på munnleg tradisjon, og ikkje noko manus kan seiast å vere «det rette». Dei utviklar seg heile tida. Dei sikre elementa er karakterane og slapsticken, som òg i bokstavleg forstand dukkar opp i handlinga: Punch har det med å denge rundt seg med ein stokk, og det kan skje opptil fleire mord i løpet av ei framsyning. Han er altså ein valdeleg person, og dimed vil ein ha publikum med seg når han får som fortent. Men det skjer ikkje alltid!
Slapstickhumor har seinare vorte vidareført i populærkulturen gjennom teikneseriar, teiknefilm og animasjonsfilm, og sosiale medium er fulle av det. Humorforma er udødeleggjord på lerretet av mellom andre Monty Python, Jim Carrey, Peter Sellers, Sacha Baron Cohen (Borat, Brüno) og eit vell av andre talent. I hovudsak er denne typen humor ei mannleg øving, men det endrar seg vel med tida. Sellers’ inspektør Clouseau er udiskutabelt den verste kløna i verda, og i tillegg må han alltid vere på vakt mot den kampsportkyndige asiatiske assistenten sin, som har ståande instruks om å angripe han uventa. Då Sellers og Blake Edwards skreiv manus til desse filmane, hadde dei berre éin einaste premiss: «Kva går gale?» Det var nok. Få har ledd så høgt som dei to på veg til banken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.