Teknologi
Kva er eigentleg ei maskin?
Ei moderne maskin har fire grunnleggjande eigenskapar, seier Herbert Simon. Bilen er eit godt døme. Bilen har ein brukar med ei målsetjing, eit oppdragsmiljø der han bør fungera godt, eit ytre system som beskyttar brukaren og hjelper vedkomande å styra, og maskina har eit indre system som gjev ho kraft til framdrifta.
Teikning: Atle Skorstad
Maskiner er viktige i det moderne samfunnet, og mange akademikarar har prøvd å forklara kva slags fenomen dette er.
Ei maskin er eit middel som menneske brukar til å endra den noverande situasjonen til ein meir ynskjeleg situasjon, seier Herbert Simon. Her brukar me motoriserte køyretøy som traktor og bil for å forklara poenget hans.
Traktoren er meint å letta det harde arbeidet med å pløya, harva og slå graset. Ein SUV gjer det mogleg å ta med seg ungar, skiutstyr og matvarer på hytta i allslags vêr.
Slike maskiner hjelper folk å oppnå det dei ynskjer på ulike område.
Maskiner er særleg tilpassingsdyktige dersom dei har fire eigenskapar som Herbert Simon peikar ut. Det må vera eit veltilpassa forhold mellom desse eigenskapane for at maskina skal kunna skapa ynskjelege situasjonar, seier han.
Éin: Maskina må ha ein brukar, og i vårt eksempel er det sjåføren. Sjåføren må ha visse målsetjingar som gjer at han vel å bruka akkurat denne typen køyretøy. Bonden treng ein kraftig farkost med lågt tyngdepunkt og store hjul, og det er ikkje så nøye om han køyrer sakte. Mor treng ein bil som ho føler er trygg når ho skal bringa og henta ungane på tronge vestlandsvegar. Om det finst mange nok brukarar med det same behovet, vert det ein marknad, og selskap som Massey Ferguson og Audi produserer maskinene som trengst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.