Kunst
Kunsthistorias far
Giorgio Vasaris kunstnarbiografiar frå 1550 pregar framleis synet vårt på renessansen som kunsthistorisk epoke. Eit utval av biografiane er no omsette til norsk.
Giorgio Vasari (1511–1574) på høgda av karrieren som hoffkunstnar og kunstintendant for hertugdømet Firenze. Sjølvportrett i Galleria degli Uffizi.
Det var Francesco Petrarca som lyfte fram ideen om ei historisk tredeling mellom antikken, mellomalderen og nytida. Denne 1300-talsdiktaren følte seg framleis fanga i mellomalderens mørker, men drøymde om ei ny og betre tid der arven frå antikken atter skulle bløma. I ein epistel skreiv han: «For der fanst ein lukkelegare tidsalder, og kanskje vil det koma ein ny. I den mellomste, i vår tid, ser du korleis skiten og skamløysa har runne saman.»
Petrarca antyda slik programmet om antikkens attføding som humanistane på 1400-talet skulle målbera. Men det var fyrst på 1500-talet at rinascita og rinascimento blei etablerte som epokeomgrep – av Giorgio Vasari. Orda, som på italiensk tyder «attføding», har kome til norsk gjennom den franske forma, renaissance.
Renessansen, og stilomgrep som «gotikken» – som Vasari nytta nedsetjande om den «barbariske» germanske mellomalderkunsten – har fest seg av di Vasari blei så viktig for ettertida. Med kunstnarbiografiane sine grunnla han kunsthistoria som vitskap. Framleis kjem ingen som arbeider med italiensk kunst, utanom Le vite de’ più eccellenti architetti, pittori, et scultori italiani, «Livet til dei ypparste italienske arkitektane, målarane og bilethoggarane». Verket kom ut i Firenze i 1550 og er ei uvurderleg kjelde til kunnskap om kanoniserte kunstnarar som Donatello, Botticelli, Leonardo da Vinci, Rafael og Michelangelo.
Tre aldrar
Vasaris verk er eit ekte nybrottsarbeid, seier Margareth Hagen, som er professor i italiensk litteratur ved Universitetet i Bergen. Ho har gjeve ut Vasaris bok på norsk for fyrste gong, under tittelen Kunstnernes liv. Omsetjinga baserer seg på den andre og utvida utgåva frå 1567. Originalen er på 1500 sider med 174 biografiar i tillegg til teoretiske kapittel. Den norske utgåva har avgrensa seg til 18 kunstnarliv.
Hagen fortel at biografisjangeren var populær hjå renessansehumanistane. Men ikkje kunstnarbiografiar, av di kunstnarane ikkje hadde høg status.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.