Kunsten å elska Thailand
Maten er ganske enkelt himmelsk og stort sett basert på havets frukter.
I Thailand kan du gjere éin av to ting: hengje med turistane eller finne ut kvar dei lokale vankar. Eg trivst best der thaiane held til. Gata i Cha Am er frå morgonen av full av enkeltpersonsføretak på hjul: eit hundretals mopedar der sidevogna inneheld til dømes ein glødande kolgrill, serveringsdisk og bognande stativ med forskjellig sjømat på spidd. Dei er eit syn, der dei kjem køyrande. Straks et du nygrilla kreps, blekksprut eller andre godsaker, med fersk salat, ris og det heile. Vognene vert flytta dit kundane er. Iblant susar nokon forbi på scooter med eit serveringsbrett i venstre hand, stappfullt av nygrilla kyllingspidd.
Thaiane likar å småete gjennom dagen, dei store måltida er ikkje så vanlege. I 28–30 grader får du heller ikkje lyst på tung mat, så i to månader smakte eg ikkje raudt kjøt i det heile tatt. Det var uproblematisk. Litt svin, litt kylling, men aldri som hovudingrediens. Sjømat, grønsaker og ris kvar dag er eit smart val her. I det heile tatt er klimaet og kosthaldet noko eg kvar dag merkar er sterkt helsefremjande: Etter eit par veker i denne temperaturen og fukta er huda mi glatt som på ein syttenåring, og alle senebetennelsar og smerter er borte. Som dogg for den asiatiske sola.
Ved sida av hotellet finn eg det som blir stamstaden min, Restaurant Vassana, ein uhyre enkelt utstyrt open restaurant med voksduk på borda. Som vanleg er engelsk noko dei kan veldig lite av. Innehavaren fortel at han kvar dag er på marknaden klokka fem om morgonen for å kjøpe fersk fisk og skaldyr, og kvar einaste dag har kona hans gjort i stand måltida. Kvar dag – i 57 år (!). Så maten er ganske enkelt himmelsk og stort sett basert på havets frukter.
Ein dag bestiller eg «deep fried garouta with chili sauce». Fisken kan minne om havåbor, brei og stutt, han blir skrapa og får tre djupe kutt inn til beinet på begge sider, før han vert lagd i ein wok full av boblande solsikkeolje. Etter nokre minutt med djupsteiking vert han servert med salat og ein mild chilisaus. Då eg har smakt på herlegdommen, held eg på å svime av lykke. For ja, eg er over 60 år gammal og har ete mykje godt i mitt liv, men dette er den mest fullkomne fisken. Sjølv om eg er gjennombarka ateist, forstår eg at dette må være Guds fisk, eventuelt Jesu fisk, Mohammeds fisk, Buddhas fisk. Smaken er perfekt samansett av salt, surt, søtt og bittert, med ei crispy overflate over det lekre kvite fiskekjøtet.
Det er det ultimate måltidet, det eg har venta på, og om det er mitt siste, vil eg døy lukkeleg. Eg overdriv ikkje. Dette er storslått. Dette er meininga med livet. Eg får ein ubendig trong til å reise meg og rope til europearane, amerikanarane og liknande folkeslag:
– De har alle blitt lurte! Dette er slik mat skal vere!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.