Sporhunden sette sjølv spor
Guttorm eksperimenterte på koparplata og i trykkinga, her i 1973.
Guttorm Guttormsgaard (1938–2019)
Biletkunstnar som stod for ei rekkje offentlege utsmykkingar
Underviste i teikning på Arkitekthøgskulen og SHKS
Professor på grafikklina ved Statens kunstakademi
Guttormsgaards Arkiv er ei samling med over 20.000 objekt

Guttorm Guttormsgaards prosjekt vart å tydeliggjera prosessar, kvalitetar og samanhengar i overgangen frå «gamle dagar» til vår teknisk-elektroniske digitale tid.
Knapt nokon 80-årsepoke har ført til så store endringar som dei menneska har opplevt i åra 1939–2019.
Vi voks opp nær kvarandre, men møttest ikkje. Guttorm i Oslo, eg i Vestre Aker, 200 meter unna. Grensa gjekk i Kirkeveien. Dessutan var halvtanna år stor aldersskilnad. Idretten tok han, til noregsmeisterskapen i handballklubben Arild. Eg fekk jazzen og Louis Armstrongs autograf på Colosseum.
Guttorm teikna bra og byrja på SHKS, Statens handverks- og kunstindustriskule, på lina for bok og reklame, på same tid som Finn Graff, Arild Nyquist, Frans Widerberg og Kristian Ystehede. Han var ein flink elev og skreiv og teikna i skuleavisa Acantus.
Den respekterte skriftlæraren Ivar Bell såg talentet til Guttorm: – Du treng meir motstand.
Institutt for Radér og Lito vart svar på spørsmål Guttorm knapt sjølv hadde formulert. Ei openberring av motstand. Stikkelen på koparplata. Trykkeprosessen. Han blømde. Han byrja likevel i reklamebyrå etter SHKS. Teikna Twist gjennom cellofan og ymse anna. I byråtida såg han nok til å hoppa av. Han hadde tent til studiar ved Kunstakademiet i København. Nærare Europa. Suksessen med debututstillinga 1963 – koparstikk, litografi, teikningar – held fram.
I 1966 vart han rådd til å spørje meg om kameraval; han skulle på stipendreise til India med ein Citroën 2 CV. Sjølv hadde eg haika til Syria, Palestina og Irak, og hadde litt å melda. Å koma austfrå til Istanbul på heimveg blei som eit myldrande Majorstua.
To år seinare kunne han fortelja og visa ting, som frå 1001 natt, korrigert. Blakk, men rikare. Guttorms fasinasjon fasinerte. Eg vart motivert til å halda fram der eg slapp. Og eit indisk statsstipend for kunstnarar fall også ned i min turban. Guttorm delte innsikta si med glede. Glød utan misjonering. Praktiske råd og lån av utstyr. Bon voyage!
Bilhavaria på India-turane våre vart ulike: Guttorms i Jugoslavia, mitt nord i Afghanistan. Og reisene i og studiane av India vart sjølvsagt langt frå identiske. Likevel fekk vi ei erfaring saman. Oftast uuttala. Vi opplevde at å skildra Indias breidd, djup og nyansar for andre gjerne er som å forklara vindeltrapp utan armrørsler. Guttorm var no ein moden, men eksperimenterande grafikar. Han vart sett, og selde godt. Sjølv om han aldri slutta – han teikna og trykte til han var langt over 70 pr – vart han lysten på større oppgåver. Inspirert av mange, frå Rudolf Broby-Johansen til Rolf Nesch og Asger Jorn, hadde han evna til å ta store, kompliserte oppdrag på ryggen. Og bera dei heilt fram.
I oppdraget med utsmykking av teglsteinsfasaden rundt Oslo Spektrum i 1988–90, vart Søren Ubish makkeren hans – ein erfaren norsk keramikar med mange års praksis i Japan. Eit lukketreff.
Ein del abstrakte organiske element etter grafikaren Rolf Nesch fekk han òg nytta. Dei vart trykte på mursteinane som enno ikkje var tørre. Finst det tal på alle hundre tusen stein som skulle planleggjast, glasurmålast, brennast og monterast? Ein unik tilvekst til det offentlege Oslo.
Nettopp i 1990 sette bygdefellesskapen Blaker Gamle Meieri punktum. Etter 80 år – og lenge etter den første norske camemberten deira. Framfor å selje tomta til bustadblokkutbygging ned mot jarnbanen og Glomma, fall valet på dei to aktive kunstnarane. Dei to, Guttorm og Søren ville bevare bygningane og historia. Lukketreff 2.
Parallelt med Guttorms aktivitet som kunstnar auka samlinga. Ikkje minst brukthandlarar land og strand rundt blei kjende med denne fyren med fleire antenner oppe.
Samlinga fekk ein heim på Blaker. Vener og veners vener fekk ein inspirerande møtestad. Særleg på dei 60–70 høgst ulike utstillingane som følgde. Tekstlause objekt, men med samtalar. Guttorm formidla motivasjonen sin: «Ta gjerne på objekta.»
Jungeltrommene gjekk. Vi fekk rydda opp i ureflekterte tankar om høge og låge objekt og bilete. Hadde vi eigentleg sett det vi så ofte hadde sett?
Dette var noko anna enn kunst som verdibarometer, mote og pynt. Museum, «vitarar» og eit veksande publikum merka seg gradvis Guttorms arkiv der borte på Blaker. Ein halvtime med tog frå Oslo, langs Noregs Nilen. Samtidig leika han fram høgst ulike bokutgjevingar i samarbeid med Pax, 10–15 bøker.
Espen Søbyes forelesing og essay frå 2009, ved utgjevinga av Guttorms store bok utan ord, Arkiv, er ein skarp analyse av Blaker-epoken til då: Kunst, kapital og historie. Et forsøk på å forstå Guttorm Guttormsgaards prosjekt om kunst med kjent og ukjent opphav. Her tek han for seg makt og økonomi historisk breitt: militær, religiøs, industriell, kapitalistisk. Så, kunstfeltet og dei intellektuelle mekanismane i dag. Kven verdset/verdiset og samlar kva, og kvifor? Om Guttorms tankar bak avgjerda om ikkje å halda fram med berre å trykkja grafikk, som pengesetlar.
Samlinga er donert til ei kompetent leidd stifting, Stiftelsen Guttormsgaards Arkiv, og er per 2020 i stor grad lagd ut på nettet. For alle. Guttorms ambisjon.
Samtidig følgde andre mønstringar. Frå femmillionarbyen Busan i Korea til overraskande kuratering av arkiv-objekt i Lillestrøm Kunstforening. Guttorm kunne overlate noko til andre. Utstillinga på Bomuldsfabriken i Arendal i 2008 var stor og allsidig. Likevel vart utstillinga «Kjent og ukjent» på Stenersenmuseet i 2015 eit «før og etter» i hovudstaden, sa mange. Kunst med kjent og ukjent opphav i dei tre museumsetasjane. Flittig vitja i eit halvt år.
Den tematiske vifta hans var brei. Vestlandske fjellovergangar, land art, om noko. Russiske konstruktivistars grafiske arbeid. Gjenstandar russiske krigsfangar i Nord-Noreg laga som bytemiddel mot litt mat. Ståltrådreiskapar taterane laga for å overleve. Og framfor alt bøkene og bokstav- og typografihistoria, som vi hadde felles.
Kvar gjenstand auka meininga med livsprosjektet hans: å formidla slutten på gamle dagar, der så mange yrke er minne om den ikkje tapte, men svunne tida. Vaksenopplæringa vår på Blaker heldt fram år etter år. Stolt viste han fram det seinaste kjøpet: – Dette er heilt djevelsk, noko av det beste eg har.
Guttorm gjekk verken på dop eller drykk, men vart ganske høg ved kvart tillegg til samlinga.
Han kunne vera krass. Om ein kollega som teikna båtar i ei bok, teikna berre måteleg bra, sa han: – Dei båtane søkk.
Vigdis Ystad spurde meg: – Kan du finna ein typografisk formgjevar til den historisk-kritiske utgåva av alle Henrik Ibsens skrifter? (Som våre naboars Strindberg og Kierkegaard).
Eg bad om tre ulike kyndige i juryen. Med Guttorm og Leif Anisdahl på laget fann vi den rette. Ikkje utan heftige ord.
– Du kan jo erte ein gråstein på deg, sa eg.
– Kva meiner du med det?
Guttorm hissa seg opp. Eg utdjupa. Guttorm hissa seg ned att. Og den 80-årige jubilanten fekk ei treffande nidvise, sungen av dei fire borna hans. Men han lo godt sjølv, som alle gjestene.
Utsmykking av Tromsø universitetsplass – labyrint, stjernevasspegel og steinar henta frå Troms og Finnmark – og andre prosjekt kunne nemnast. Guttorm ville og kunne nå ut til folk med meir enn grafiske blad.
Professoren likte å undervisa. Gjerne med tavle, kritt og svamp. På Arkitekthøgskulen, på SHKS og på Statens kunstakademi, ei tid der også som rektor.
Han var oppteken av minoritetane, og deira historie, uttrykk og situasjon. Taterane, inuittane, samane. Og han var i alle år artikulert forbanna på korleis okkupanten oppførte seg mot palestinarane. Tjuveri av land og vatn, fisk og tre og hus. Kan uhyrlegdomen til nazistane mot jødane i andre verdskrigen rettferdiggjere fortrenginga, tapet og lidinga til palestinarane i 70 år?
Som Yahya Hassan sa under Stenersen-opninga: «Bæsetteren er besat av bæsettelsen.»
Han pretenderte ingen konkurranse med Bygdekinoen, men jøss så mykje hakeslepp, innsikt og latter vi fikk der i meieriets indre filmrom.
– Eg vil ut i jula, sa han eit år. – Kvar bør eg reise?
– Kairo, sa eg.
Nokre år seinare sa eg Jemen. Han fekk mykje ut av båe reisene. Til Burkina Faso. Seinare til Marokko. Og hjelparane Thomas, Johan og eg vitja han då han hadde ei omfattande utstilling i Busan. Millionbyen har også bruktsjapper.
– Blir du med på utstilling i Kjøben? kunne han seia.
Han hadde for lengst vist meg grønlandsromma på Nationalmuseet.
– Det er ei Dogon-utstilling i Paris.
Han drog til Peru for å sjå spora etter nazca- og inkakulturane. Og til USA for å sjå og vise artist books.
Både oskeladd og syskenborn på Gjøvik. Guttorm fekk seia så mykje han ville, at han ikkje var samlar. I alle fall samla han oss. Og vi fikk jamleg samla tankane. Litt.
Som Per Sivle sa det: «Og det er det stora, og det er det glupa, at Merket det stend, um Mannen han stupa.»
Kai Gjelseth
Kai Gjelseth er tidlegare professor ved Statens handverks- og kunstindustriskule.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.