Kunst

Melding tittel

Ein av dei mest spennande konkurransane på kunstfeltet er i gang. Fire kunstnarar er inviterte til å lage utstilling ved Trondheim kunstmuseum, og 18. november får ein av desse Lorck Schive Kunstpris på ein halv million kroner.

Mattias Härenstam.
Mattias Härenstam.
Publisert Sist oppdatert

Sidan slutten av 1800-talet har Christian Lorck Schive og hustrus legat i Trondheim delt ut stipend til norske kunstnararar. I 2013 samla dei pengane til ei prisutstilling som skal visast annakvart år. På same vis som den britiske Turner-prisen, får dei utkåra kunstnarane ein raus sum til å produsere verka. Pengane har gitt god grobotn for kunstnarleg aktivitet, dei fire kunstnarane har laga framifrå utstillingar. Sjølv om kunstnarane har særs ulike uttrykk, har dei denne gongen ein fellesnemnar: Alle fire tek tak i tidlegare tiders kunst.

Vibeke Tandberg, «Candypool»

Det er mest så ein må gni seg i auga. Midt på golvet står eit biljardbord saga i bitar og stabla saman til ei skulpturell form. Ho som er kjend for å like spelet så godt, har ho slutta å spele? På veggane heng store plater med biljardkuler i gips, kvite og tappa for informasjon. På motsett vegg ruvar gipsrelieffet «Helvete» av den velkjende bildehoggaren Gustav Vigeland. Verket er del av den faste samlinga til museet. Her skodar djevelen dystert mot oss, omkransa av fortvilte sjeler. Tandberg har stabla lange rader av fryse- og kjøleskåpsdører av gips mot relieffet.

Desse overraskande samanstillingane lokkar oss til å fabulere. Kan verket vere meint som eit vern mot varmen frå helvete? Eller fortel det om at vi er blitt så overflatiske at ikkje ein gong helvete gjer inntrykk på oss? Og kvifor bry seg med digre, romkrevjande spel når ein får alt på ein liten mobiltelefon?

Mattias Härenstam, «Begrensning»

Når vi går inn i overlyssalen, risikerer vi å snuble i eit bjørketre. Bjørka er heist opp etter stammen og stryk dei kvite museumsveggane i ein evig sirkel. Verket fører tankane mot «Bjerk i storm» av J.C. Dahl, symbolet for den norske folkesjela. Det tilsynelatande enkle verket visualiserer på elegant vis kor farga kunstsynet framleis er av nasjonalromantikken. Kan hende det er på tide å gje slepp? For kvar runde fell fleire blad og greiner av bjørka til Härenstam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement