Kunst

Kunsten etter olja

Det er ikkje til å kome vekk frå at kunstnaryrket er prega av usikker økonomi. Derfor er tiltak som Lorck Schive kunstpris viktige.

«Stone Story» var eit omfattande og kostbart kunstprosjekt. I 1999 flytta konseptkunstnaren Marianne Heske ein stein på 17 tonn frå fjella i Tafjord til skulpturutstillinga Open på Lidoen i Venezia.
«Stone Story» var eit omfattande og kostbart kunstprosjekt. I 1999 flytta konseptkunstnaren Marianne Heske ein stein på 17 tonn frå fjella i Tafjord til skulpturutstillinga Open på Lidoen i Venezia.
Publisert Sist oppdatert

Utstillinga i Trondheim kan føre til refleksjonar også om økonomien i kunstnaryrket. Kunstnarar er ikkje beskytta av reglar om minsteløn. Ikkje har dei rett på sjukepengar, og dei treng gjerne store atelier og kostbare produksjonsmateriale. Ei omfattande utreiing om kunstnarøkonomi i 2015 viste at økonomien til norske kunstnarar er forverra. Årleg snittinntekt frå kunstnarverksemd er under 90.000 kroner. Paradoksalt nok er det stor etterspørsel etter kunst. Problemet er den rådande haldninga; kunst skal helst vere gratis eller rimeleg. Dei fleste kunstnarane må ha arbeid ved sida av. Det er også mykje som tyder på at den offentlege støtta til kunsten kjem til å bli mindre i takt med at olja tek slutt.

Utsiktene til ein tornefull leveveg hindrar likevel ikkje at mange som utdannar seg til kunstnarar. For tida er det mykje snakk om å legge entreprenørskap og økonomi inn i kunstutdanninga for å ruste dei opp til å gripe og skape moglegheiter. Kreativ næring er det nye plussordet. På oppdrag frå Kulturdepartementet har også Kulturrådet opna ny seksjon nettopp for kreativ næring i Trondheim (Kreativt Norge).

Dette er ikkje dårlege tankar. Her kan ein lære mykje av dei kunstnarane som faktisk har lukkast som entreprenørar. Fleire av våre beste samtidskunstnarar viser god forretningsteft samstundes som dei lagar kunst som er internasjonalt kjend. Og når kunstnaren har eit namn, verkar det som om lommeboka vidar seg ut, og få klagar på prisen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement