Kunst

Den stille fotografen

Morten Løberg er klar med ei retrospektiv utstilling etter 40 år som kunstnar, analog fotograf og tolkar av nordisk natur.

Gimsøybrua.
Gimsøybrua.
Publisert

Eg ventar på Morten Løberg, fotokunstnar med 40 års retrospektiv utstilling på trappene. Ein mann med ei mørk hue på hovudet kjem mot meg. Han er her. Dei mørke kleda er ein kontrast til det nordisk klåre lyset som er lett og gjennomskinleg, som i fotografia hans.

Naturen er eit viktig tema for Løberg, men han var ikkje bevisst på den norske tradisjonen med naturbilete då han som 15-åring byrja å fotografere. Då han nærma seg minimalismen, utkrystalliserte naturen seg likevel som ein stad der han kunne finne mykje av det han leita etter i motiva. Han fann også noko han likte i det nordiske ljoset især, for fotografar tar ikkje bilete av ting, dei tar bilete av ljos.

Løbergs fotografi er tilsynelatande enkle og stille. Han likar det han kallar ikkje-motiv – abstrakte, gjerne utan menneske eller med berre eit hint om menneske. Hos enkelte fotografar ser ein fotografen i bileta som eit nesten forstyrrande nærvær. Hos Løberg er det ikkje slik. Det er ei stille og ei kjensle av noko meditativt i bileta. Fotografen er usynleg i bileta Løberg lager, likevel ser ein at dei er laga av han.

– Kva gjorde at du tok den retninga du tok som fotograf?

­– Det kom mykje av kolstreken til Jan Groth. På Henie Onstad Kunstsenter hang ein biletvev basert på eit av bileta til Groth. Det var slik eg verkeleg kom inn i det abstrakte og minimalistiske. Eg fekk nærma meg det enkle endå meir og tok eit kamera, retta det mot stjernebiletet Store Bjørn og lét det kome lys inn i kameraet i 15 minutt. Det var midt på natta. Då teikna stjernene seg som kvite strekar på svart himmel i fotografiet.

I fotokunsten er det abstrakte ikkje nødvendigvis fråvær av informasjon, men informasjon presentert på ein uventa måte. Løberg brukar til dømes ein teknikk der han bevisst lagar motiv som ikkje er i fokus, altså utydelege. Han gjer dette for å oppmode til undring. Den amerikanske fotovitaren Lyle Rexer skildrar i si siste bok noko av det same; han hevdar at fotografi no ofte ser ut til å vere tilståingar frå skriftestolen. Eit slikt fotografi seier veldig mykje ­– i klårtekst. Vidare seier Rexer at fotografi ikkje treng å vere slik, då foto kan vere djupt personlege utan å referere direkte til kunstnaren bak kameraet. Dette ser ein mellom anna hos fotografen André Kertész, som berre viser ein skugge på ein veranda bak eit glas ved havet og likevel fortel historia om levd liv med alt det inneber. Løberg fotograferer i denne siste sjangeren som Rexer skildrar. Han viser oss ei poetisk gåte, eit bilete som kan tolkast på mange måtar, for så å overlate til sjåarane å finne svara som er rette for dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement