JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Vondt i ryggen

Dei fleste har kjent det på kroppen ein eller fleire gonger. At ryggsøyla – som før berre var der, bøyeleg, tøyeleg, ledig og helst rak – med eitt blir gjord om til ei jarnklo av smerter berre me rører litt på oss.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Smertene festar grepet i nedre del av ryggen, i verste fall med isjias, som det heiter når smertene jagar nedover i beinet.

Illustrasjonar via WikimedIa Commons

5859
20231006
5859
20231006

Dei fleste har kjent det på kroppen ein eller fleire gonger. At ryggsøyla – som før berre var der, bøyeleg, tøyeleg, ledig og helst rak – med eitt blir gjord om til ei jarnklo av smerter berre me rører litt på oss. Smertene festar grepet i nedre del av ryggen, i verste fall med isjias, som det heiter når smertene jagar nedover i beinet.

Me går ikring med eit lidande uttrykk, skakke, skeive og stive i ryggen, og lurer på kor lenge dette skal vara. Eller me legg oss nedpå og har vanskar med å koma opp att, heilt til me finn ut at det går an å rulla over på magen og gå baklengs inn i kvardagen.

Krossryggen

Den nedre delen av ryggen, krossryggen, har fem solide virvlar med støytputer mellom, stabiliserande sideledd, leddband og muskelsøyler, i tillegg til små støttemusklar på kryss og tvers. Rørsleutslaga kan vera store, serleg hjå slangemenneske, og vektbelastninga kan bli stor.

Overstrekking av musklar eller ledd, om lag som når me vrikkar ein ankel, er vanlegaste årsak når ryggen blir vond. Krossryggen, også kalla veikryggen, kan bli eit svakt punkt dersom det stillesitjande livet tek overhand, eller dersom belastningane skulle bli for store.

Beste behandlinga

Bakverkur, som islendingane kallar det, er ikkje ein diagnose, men eit symptom. Fastlækjaren din kjem neppe nærare ei presis forklåring på smertene om han er aldri så grundig, heller ikkje om han får utført ei sofistikert MR-undersøking av ryggen. Men etter ei vanleg klinisk undersøking kan han som oftast utelukka at det ligg alvorleg sjukdom bak, og slå fast at plagene kjem til å gå over av seg sjølv.

Rett behandling av vond rygg er velkjend og enkel:

• God informasjon om at tilstanden er ufarleg og går over av seg sjølv innan nokre veker. Lett fysisk aktivitet er det beste, ikkje legg deg nedpå anna enn for heilt korte kvilepausar. Gå på jobb sjølv om smertene ikkje er heilt borte.

• Smertestillande kan vera aktuelt, men prøv å vera utan medikament om du kan, eventuelt kan du nytta ibuprofen (Ibux) eller liknande. Paracet er utan effekt og bør droppast. Sterke smertestillande medikament (opioid) må ein unngå.

• Røntgen eller MR trengst som regel ikkje. MR ved vanleg ryggvondt kan rett nok påvisa slitasjeendringar, prolaps og forkalkingar i ryggen, men dette er vanlege funn også hjå ryggfriske. Slike MR-funn kan lett feiltolkast som smerteårsak, sjølv om dei oftast er irrelevante – noko som kan medføra lengre sjukefråvær, endå meir diagnostikk, meir medikamentbruk og i verste fall operasjonar – utan at ryggen blir betre av det!

I unntakstilfelle med sterke og vedvarande smerter, kanskje også isjiassmerter, kan MR vera nyttig for å påvisa ein prolaps. Det gjeld særleg ved alarmerande symptom som stogg i vasslatinga eller nedsett kraft i anklane ved tå- eller hæl-gang – noko som kan tala for snøgg operasjon for å avlasta skadeleg trykk på nerverøter.

Feilbehandling

Behandling av akutt ryggverk er altså enkel i dei aller fleste tilfella. Likevel er feilbehandling vanleg. Ein stor internasjonal studie med nær 200.000 pasientar viste at mange pasientar fekk dårleg rettleiing og var lite aktive, altfor mange fekk utført MR av ryggen, og altfor mange nytta sterk smertestillande medisin.

Inaktivitet og kvile, i verste fall sengeleie, blir nytta i behandlinga, sjølv om fagfolk veit at det er skadeleg. Det fører til at musklane veiknar, og til at smertene lett kan setja seg fast. Lårmusklane, til dømes, blir 10 prosent svakare og 5 prosent tynnare etter berre ti dagar i senga!

Dessutan veit me at altfor mange pasientar gjennomgår MR-undersøking sjølv om nytteverdien er null.

Mange tek paracetamol sjølv om dette medikamentet er utan påviseleg effekt på ryggverk. Ein del pasientar får opioid med risiko for å bli avhengige. Det er estimert at kring halvparten av opioidoverforbruket i vestlege land går til pasientar med rygg­smerter. Dårleg informasjon, feil medikamentbruk og overforbruk av MR medfører sløsing med ressursar og høgt sjukefråvær – utan at det gagnar ryggpasientane. For samfunnet kostar dette millionar, sidan ryggvondt er ein folkesjukdom.

Sjukefråvær

Tilbakefall er ikkje sjeldan. Kvar tredje pasient får att ryggsmerter etter tolv månader. Kronisk ryggverk er som regel mykje meir enn berre ein vond rygg og ikkje fullt så enkelt å handtera. Ved fysisk inaktivitet er det risiko for å koma inn i vonde sirklar med svakare musklar, muskelspenningar, dårlegare kondisjon, dårlegare svevn, aukande smerter, depresjon, frykt for meir smerte, overdriven medik­amentbruk, mindre sosialt liv, sjukmeldingar, dårleg økonomi. Då må ein vurdera privatlivet og tilhøva på arbeidsplassen nærare, særleg samarbeid, relasjonar og psykososialt arbeidsmiljø. Strukturert treningsopplegg og kognitiv terapi kan verta aktuelt, medan ergonomi faktisk er mindre viktig.

Vond rygg er ei dominerande årsak til sjukefråvær i Noreg og andre land, men det er stor variasjon mellom landa i sjukefråvær og bruk av uføretrygd. Her til lands har me ei raus sjukelønsordning og ligg difor høgt oppe på denne statistikken: Vond rygg er årsak til 10 prosent av det store norske sjukefråværet og 11 prosent av uføretrygdene.

Dersom me held oss strikt til dei enkle og velkjende faglege retningslinene, kan det altså vera store pengar å spara. Ressursbruken vil bli mindre, og me kan sleppa dei skadelege effektane av MR, operasjonar og sterke medika­ment nytta i utrengsmål. Aller mest er det å vinna ved at rett behandling kan gje pasientane eit betre liv og mindre trong for sjukefråvær og uføretrygd.

Haldor Slettebø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis