JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Vipa, ved vippepunktet

Tankegangen om at alt som ikkje gjev direkte økonomisk avkasting er bortkasta, har ført til at livsgrunnlaget for ein art som vipa forsvinn i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vaksen vipe. Særleg under hekkesesongen held vipa seg mykje på bakken, der reiret ligg. Slik fjørdrakt som individet på biletet har, kan svare til ei hoe i hekkesesongen eller ein hann på veg mot å få vinterdrakt.

Foto: Sveinung Lindaas

6044
20240322
6044
20240322

Kvar gong eg et rakfisk, må eg tenkje på henne: vipa. Det byrja for nokre år sidan, sør i Innlandet. Eg var då på vitjing hjå ein ornitolog som har jobba mykje med denne arten i dei siste åra.

Ho nemnde eit prosjekt som innebar å byggje eit «røyefjøs» ved ein innsjø. Der skulle det etablerast fiskoppdrett for å lage den tradisjonsrike delikatessa. Rakfisk sett frå vipeperspektiv på 2020-talet? Visjonen sette spor...

I høgtida for rakfisketing, kring jol, har vipene reist frå Noreg. Eg har ofte sett dei i store flokkar i Loiredalen midtvinters. I flukt glitrar vipeflokken på ein eigen måte. Særleg når det er overskya, men skylaget er så tynt eller holete at solstrålar trengjer gjennom, spelar lyset intenst, stundom stroboskopisk, med dei kvite underkroppane medan dei mørke, runde, breie vengjene slår i lufta. Når fuglane skiftar retning og viser overkroppen, blir det heilt svart, så skinande kvitt igjen, og så vidare til dess dei anten svinn eller landar.

På nært hald viser det som såg svart ut på himmelen, oversida av vengjene og kroppen, seg å vere skinande mørkegrønt, med glinsande skjær av ulike fargetonar. På hovudet ber vipa ein smal topp danna av nokre fjører. På svensk heiter ho tofsvipa. Presiseringa gjer det til eit betre namn med tanke på at det finst over 20 ulike vipeartar i verda. Om våren har hannane merkbart lengre fjørtopp og meir svart i andletet og på brystet enn hoene. Om hausten og vinteren er det langt vanskelegare å skilje kjønna.

Viper i flukt. Det vitskaplege namnet for arten, Vanellus vanellus, tyder «vesle vifte» og viste opphavleg til lyden dei breie vengjene lagar når dei slår i lufta, særleg under fluktspelet.

Viper i flukt. Det vitskaplege namnet for arten, Vanellus vanellus, tyder «vesle vifte» og viste opphavleg til lyden dei breie vengjene lagar når dei slår i lufta, særleg under fluktspelet.

Foto: Sveinung Lindaas

«På 20 år har bestandane gått ned med over 80 prosent.»

Viper er kortdistansetrekkfuglar: Individ som held seg i Vest- eller Sør-Europa og Nord-Afrika om vinteren trekkjer til Nord-, Sentral- og Aust-Europa om våren. Nokre stader, der snøen ikkje dekkjer til dei næringsgjevande markene, kan dei vere stadfaste. Arten finst heilt til Japan i aust. Frå Tyrkia og austover går utbreiingsområdet gjennom mellom anna Afghanistan, India, Thailand og Kina.

Oppheld ein seg i det nordiske kulturlandskapet tidleg om våren, kan ein av og til høyre ein underleg lyd. Star Wars-fans vil meine å ha høyrt roboten R2-D2. Ser ein etter kjelda, vil ein få auge på ho: ein mellomstor fugl som flyg akrobatisk over berre jorde og ytrar denne utanomjordiske songen. Det er fluktspelet til vipehannen. Fluktspelet er både spektakulært og energikrevjande: Hannane manøvrerer seg i lufta, flyg bratt oppover, lèt seg så falle nedover og så vidare, det heile medan dei syng.

Får du også oversikt over jorda under fluktlinjene hans, vil du kanskje skimte fleire viper. Der står dei, lyttar og ser på. Hoene ser på måten hannane dansar og syng på, når dei skal velje make. Fluktspelet er også viktig for å avgjere revirgrenser. Hjå vipa kan nokre hannar danne par med fleire hoer samstundes. Uansett format på den sosiale konstellasjonen tek begge foreldra del i ruginga og passar på kullet etter klekking.

Under hekkinga blir vipene territorielle, medan dei elles held til i flokkar som kan nå opp til tusenvis av individ.

Reiret blir laga på bakken av halmstrå som er raska saman i ein avgrensande fasong. Dei tre eller fire egga er ypparleg kamuflerte på pløgd jord. Ungane kan stå på beina og gå alt nokre timar etter klekking, og duna deira liknar på eggeskalet og bakken. Trass i kamuflasjen og emna til å gå, er dei lette bytte for rovdyr og sårbare overfor landbrukmessige inngrep.

Teikning: Naïd Mubalegh

«Held trenden fram, er det langt frå utenkjeleg at vipa er borte frå Noreg innan nokre tiår.»

Vipa er i utgangspunktet ein våtmarks- og steppefugl. Sjå på dei mellomhøge beina og det korte, rette nebbet: Ho høyrer til lofamilien og et hovudsakleg virvellause dyr som ho plukkar frå bakken: meitemark, edderkoppar og insekt. Ho trivst best i flatt lende, så langt som mogleg frå skog, særleg i hekkesesongen.

For skog husar rovdyr, medan ope landskap inneber godt utsyn for ein som er nøydd til å halde seg på bakkenivået, der ungane blir fødde og held seg dei første levevekene. Nye store, loddrette element i nærleiken av tradisjonelle hekkeplassar, som til dømes eit røyefjøs ville vere, er neppe ettertrakta av vipa. Bygningar vil gje raudreven livsfarleg ly og hønsehauken oversikt over reira. Desse er berre to av dei mange rovdyra som tek egg og ungar.

Foto: Sveinung Lindaas

Vipene har over lang tid halde tritt med endringane mennesket har påført omgjevnadene sine: I mange hundreår har dei vore tett knytte til kulturlandskapet. Men dei siste tiåra har bakkehekkande fuglar blitt utsette for stadig meir valdelege krefter. Intensiveringa av jordbruket, utbyggingstrongen og tankegangen om at alt som ikkje gjev direkte økonomisk avkasting, er bortkasta – alt dette har ført til at livsgrunnlaget for ein art som vipa forsvinn i Noreg.

Frå å vere ein vanleg ibuar i kulturlandskapet på tvers av landet, er ho i ferd med å bli ein høgst sjeldan granne: På 20 år har bestandane gått ned med over 80 prosent, og arten er no oppført på raudlista over utryddingstruga artar. Held trenden fram, er det langt frå utenkjeleg at vipa er borte frå Noreg innan nokre tiår.

Det er fyrste halvdel av mars. Dei første vipene er på veg. I butikkane blir rakfisken seld ut. I kveld er det vinterens siste rakfisklag, på nedsett røye. Det smakar godt som alltid, intenst, kanskje litt som jord. Morgonen etter les eg ei sak i ei lokalavis i Sunnhordland: eit prosjekt om å utnytte vipejord til solcellepark.

Eg må ringje til Hadeland og høyre korleis det går. Vipene er venta mot slutten av månaden. Fjøset finst ikkje enno. Andre stader i området har bønder, mange av dei kjenner vipa godt, fått støtte til å markere reir, setje av jord til beite og tilpasse slåtten: håp – og på tide å reise seg frå bordet!

Naïd Mubalegh

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

naid.mubalegh@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis