JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

7052
20240516
7052
20240516

– Kor mange desimalar vil de ha?

Ein annonse dukka opp på Facebook-veggen min for nokre veker sidan: No kunne eg ta båtførarprøva i Austevoll, eit kveldskurs pluss eksamen, alt på fem timar. Klara eg eksamen med over 80 prosent rett, kunne eg føra fritidsbåtar på inntil 15 meter, eller 49,21 fot, og med motorkraft på over 25 hestekrefter.

Så her sit eg, som ein av 17 elevar med sjøkart, passar og rullelinjal på pulten framføre meg, finn avstandar og reknar nautiske mil ut frå breiddegradane langs høgresida på kartet.

Eg hadde ikkje tenkt å vera den typen elev, men i det eg meiner å ha funne nøyaktig avstand frå Store Færder fyr til Kjelebåen i Oslofjorden, rekkjer eg opp handa og spør kor mange desimalar som trengst.

– Det held med éin, seier kurshaldaren.

Eg kjenner meg godt førebudd når halvparten av kursdeltakarane ikkje eingong har registrert seg på Båtførerregisteret.no, noko me spesifikt fekk beskjed om å gjera då me melde oss på kurset. Det kunne ikkje seiast tydlegare i e-posten, meldinga stod med raud skrift, var i store bokstavar og understreka. Registrer deg i Båtførarregisteret og last opp portrettbilete med kvit bakgrunn FØR kursdag og eksamen.

Her må det kanskje skytast inn at over halvparten av kursdeltakarane er jenter i ungdomsskulealderen som konsekvent kallar kurshaldaren for «du, mann», sjølv om han har presentert seg som Jonas. For denne prøva kan du gjennomføra alt når du er 14 år, men beviset får du fyrst i hende når du er 16.

Det skal ikkje meir enn ein klasseromssituasjon til for å viska ut alle eksterne maktstrukturar og skapa nye.

«Er det ein hugseregel for å skilja knop, knutar og stikk, spør eg, og eg ser ein konfirmant rulla med augo.»

Her eg bur, i øykommunen Austevoll, er det ikkje uvanleg at born susar rundt i neonfarga baljar med motor på før dei fyller ti. Vassport, holmeturar, leppefiske, krabbelysing – sommar er båt for mange rundt meg.

Då eg var lokalavisjournalist, gjekk det ikkje ein sommar utan at eg måtte rapportera om ulukker til sjøs, og eg kjenner det i magen her eg sit midt i mai, at snart kjem vel den fyrste saka slåande mot land.

Juni, juli og august er tida for flest ulukker knytte til fritidsbåtar på sjøen i Noreg. Dei fleste som døyr, er menn (32 menn mot 2 kvinner i 2022), 62 prosent nytta ikkje flytevest, og i 40 prosent av tilfella var båtføraren påverka av alkohol.

Ved siste oppteljing, i 2023, var det 1.067.000 fritidsbåtar i landet. 451.849 av desse er i kategorien motorbåt utan overnattingsplass, 131.292 er motorbåt med overnattingsplass.

Eg kjenner somme gongar at eg har heile verda mot meg når eg seier dette, iallfall heile verda i Austevoll, men eg likar eigentleg ikkje å vera i båt. Eg har grubla på kva det er med båt eg ikkje er tiltrekt av, kva som er kjernen, og trur det kan vera det ustødige underlaget. Eg likar fast grunn. Eg får ikkje til å stega galant frå bryggja til ripa og vidare over på tofta utan å vingla. Dette er to steg som får meg til å sjå dum ut.

Så er det alt som har med vedlikehald å gjera. Eg ligg alt etter med vedlikehald av hus og hage, om eg ikkje skal ha ein båt å bry meg om i tillegg.

Eller, eg har ein kano, som faktisk tel som fritidsbåt. Men eg held han ikkje ved like.

Likevel, eg forstår dei som trivst i båt, den fridomen det må vera å ha 360 grader rundt seg, og kunna dra kor som helst. Det var på sett og vis det far min gjorde i Dunedin på New Zealand på 1960-talet. Han bygde seg ein seglbåt og kom seg til andre sida av jorda.

Tankane mine om far som kjerringa mot straumen vert forsterka under båtførarkurset. For ingen reglar er utan unnatak, og det verkar som alle desse unnataka dreier seg om seglbåtar.

For medan du alltid skal vika for fritidsbåtar som kjem frå styrbord side, gjeld ikkje det for seglbåtar som går for segl. Dei skal du vika for uansett. Går seglbåten på motorkraft, gjeld same reglar som for andre motorbåtar.

Kva om ein seglbåt med segl møter ein annan seglbåt med segl? Då er det vinden som styrer vikepliktreglane. Ein seglbåt med vind frå babord, skal vika for ein seglbåt med vind frå styrbord. Slik får begge nok vind til å halda fram ferda.

– Dette får de på eksamen, seier Jonas, og eg noterer ned promillegrensa på 0,8, at naudnummeret til kystradioen er 120, og at VHF-sambandet mellom båtar er på kanal 16.

Veit du forresten kva VHF står får? Eg måtte smila då eg høyrde det. Veldig høg frekvens, eller very high frequency. Veit dei ikkje at veldig er eit fyllord? Kvifor ikkje berre HF?

Har me spørsmål, må me fyra laus, seier Jonas.

– Er det ein hugseregel for å skilja knop, knutar og stikk, spør eg, og eg ser ein konfirmant rulla med augo.

– Nei, ikkje som eg kjenner til. Det vil iallfall ikkje koma på eksamen.

Inntrykket mitt av Jonas er at han vil me skal klara dette. I løpet av fire timar er me innom det meste av pensum, både navigasjon og kartlesing, lyssignal frå fyrlykter og lydsignal frå båtar, faste kardinalmerke og flytande lateralmerke, og eitt einaste flagg, nemleg det blå og kvite A-flagget, som skal opp når ein har dykkar nede.

Sjøsettinga av «Heidi», ein 25 fot lang folkebåt, Otago Harbour, Dunedin, 21. juni 1968. Båtbyggjaren sjølv, den 27 år gamle far min, er til venstre i båten.

Foto: Privat

Når dei fire timane er over og me får utdelt kvart vårt nettbrett, går Jonas over frå å vera kursleiar til å verta eksamensvakt. No har me éin time på oss til å svara på 50 spørsmål.

– Eit siste spørsmål om eksamen, seier eg.

Då eg tok teoriprøva til førarkortet i 2004, var det med nokre tullete reglar for å telja feil. Svara eg feil på eit spørsmål, vart det rekna som to feil. Éin for å svara feil og éin for ikkje å svara rett. Lét eg derimot vera å svara på spørsmålet, fekk eg berre éin feil, nemleg for ikkje å svara rett. Dette visste eg om på førehand og svara difor sjeldan feil.

– Er det slik de reknar feil her òg, spør eg.

Nei, seier Jonas. Eg får maks éin feil per spørsmål eg ikkje har rett, og kan såleis bestå med inntil ti feil.

– Berre eit aller siste spørsmål om eksamen, seier eg.

– Kan eg få han på nynorsk?

– Nei, tyvärr, seier Jonas, som forresten er svensk.

– Men du kan få han på engelsk.

Eg noterer meg noko eg kan ta opp under «eventuelt» på neste mållagsmøte.

Her eg sit på eksamen og strekar opp i sjøkartet mitt, meiner eg å kunna alt om sundet mellom Veierland og Tjømekjæla. Leia går nordover, og her er det nokre skvalpeskjer å vera obs på, iallfall om du lurer deg inn i Brudebåen. Grunna langs Rønningen er ikkje djupare enn éin meter ved lågvatn. Fylgjer du fyret på Saltbu, som har eit okkulterande lyssignal som går i mørkt kvart sjette sekund, er du i trygt farvatn nesten heile vegen.

Eg kom hit som ein noldus og går herfrå – om ikkje sjøvant, så i det minste vis nok til å greia båtførarprøva med 86 prosent riktige svar.

Det er litt trist å tenkja på korleis GPS har teke over retningssansen vår. Det kjekkaste med heile båtførarprøva, nemleg å lesa fysiske sjøkart og rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger. Eg kjenner berre éin, og han har seglbåt.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis