JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Tuberkulose

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg er fritt for storfetuberkulose, men med import av alpakka frå Storbritannia kan det vere lett å få med tuberkulose på kjøpet.

Foto: Berit Roald / NTB Tema

5806
20220916
5806
20220916

Det latinske ordet tuberkel tyder ein liten knute. Den frykta sjukdommen tuberkulose er kjenneteikna nettopp ved knutar eller byllar i lymfeknutane, i huda, lungene eller andre organ. Tuberkulose kjem av ein infeksjon av bakteriar i slekta Mycobacterium. Smitten er utbreidd hos både dyr og menneske i store delar av verda, og mange artar av tuberkelbakteriar er innblanda.

Vi veit frå gravfunn i Palestina og i Peru at menneska har slite med tuberkulose i minst 9000 år. Hos dyr er sjukdommen truleg langt eldre, kanskje fleire millionar år gamal, og tuberkulosen kan til alle tider ha vore med som blindpassasjer på vandringane til folk og husdyr rundt om i verda.

Folkehelse

Enno i dag er tuberkulose med bakterien Mycobacterium tuberculosis den infeksjonssjukdommen som tek flest menneskeliv. Verdshelseorganisasjonen meiner inntil ein tredel av alle menneske kan vere smitta. For min eigen del er det berre flaks at eg kan sitje her i det vakre haustvêret med kaffikoppen min og skrive på denne artikkelen om tuberkulose. Både mormor mi (f. 1904) og far min (f. 1930) voks opp i ein familie som blei hardt råka av tuberkulose. Far min berga så vidt livet etter to lange opphald på eit lokalt sanatorium.

Og berre for å minne om eit sørgjeleg faktum: Det straffar seg å vere fattig og å bu trongt. Då tuberkulosen herja som verst i Noreg for litt over hundre år sidan, var dødstala høgast i små bygder i Troms og Finnmark. I verda i dag er det Afrika sør for Sahara og nokre av dei mest folkerike områda i Asia som er hardast råka.

Den alvorlege stoda i Afrika heng òg saman med den omfattande hiv-epidemien, for menneske med svekt immunforsvar blir lett bytte for tuberkulosebakteriane. Hos menneske kan sjukdommen i dag behandlast med antibiotika, men nye og meir legemiddelresistente variantar dukkar stadig opp. Dette kan bli eit aukande folkehelseproblem.

Storfetuberkulose

Storfetuberkulose kjem av ein litt annan bakterievariant, Mycobacterium bovis. Historia til denne sjukdommen er kopla tett saman med tuberkulose hos menneske, og det er ikkje usannsynleg at mennesketuberkulosen har utvikla seg frå denne storfesjukdommen.

Tuberkulose hos storfe er som nemnt ein gamal sjukdom, som truleg spreidde seg fortare med utviklinga av meir intensivt husdyrhald.

I Europa var smittetala svært høge på slutten av 1800-talet, og i dei nordiske landa vart det starta eit ambisiøst arbeid for å utrydde sjukdommen. I Noreg klarte vi, med stor innsats frå eit samla veterinærvesen, å finne og slakte alle smitta dyr og besetningar og på det viset nedkjempe smitten. Alt i 1963 var landet fritt for storfetuberkulose, med unnatak for eit par avgrensa tilfelle i 1980-åra.

I størsteparten av EU er tuberkulosen også utrydda, men det er framleis store utfordringar i delar av Sør-Europa. I England og i Irland slit dei med at tuberkulosen er etablert som ein vanleg infeksjon hos ville dyr, som grevling og hjortedyr, og der har dei meir eller mindre gjeve opp å utrydde sjukdommen.

Ein viktig reiskap for å finne smitten har vore tuberkulintesten, der eit uttrekk av stoff frå dyrking av tuberkelbakteriane blir sprøytt inn i huda. Dyr som har vore smitta, vil få ein kraftig, lokal immunreaksjon – det same prinsippet som blei nytta med den pirquettesten mange av oss fekk då vi gjekk i barneskulen.

Arbeidsstaden min, Veterinær­instituttet, hadde i mange år produksjon av tuberkulin til testing for tuberkulose som ei av dei aller viktigaste oppgåvene sine. Systematisk kjøttkontroll med grundig undersøking av indre organ og lymfeknutar frå alle slaktedyr har også vore naudsynt for å oppdage smitta dyr og besetningar.

To fasar

Det som er typisk for tuberkulosebakteriane, hos både folk og dyr, er at dei angrip kroppen i to fasar. Der dei kjem inn i kroppen først, i tarm eller luftvegar, dannar det seg eit såkalla primærkompleks: ein lokal infeksjon med spreiing til dei næraste lymfeknutane. Denne infeksjonen kan spreie seg vidare etter berre nokre veker, andre gonger kan denne prosessen ta fleire år.

Men det er først ved den sekundære spreiinga det utviklar seg til alvorleg sjukdom, oftast med lungebetennelse og kraftige infeksjonar i lymfeknutane i bryst- og bukhole. Dyr som blir sjuke, mister matlysta og får feber og andenaud. Utan behandling vil sjukdommen ofte vere dødeleg. Sjølv om antibiotika kunne ha verka i nokre av tilfella, skal sjuke husdyr alltid slaktast og destruerast for å fjerne smitten.

Zoonose

I tillegg til å vere ein alvorleg dyresjukdom er storfetuberkulose også ein zoonose som kan gje sjukdom hos menneske. Kyr kan få verkebyllar i juret, og det er særleg mjølk frå slike dyr som fører til infeksjon hos menneske. Varmebehandling drep bakteriane og gjev eit sikkert vern mot tuberkulosesmitte, trass i populære og usunne førestillingar om at ubehandla mjølk er betre og meir «naturleg» enn den pasteuriserte.

Med nedgangen i lønsemd for vanleg gardsdrift har mange gått over til eit meir hobbyprega husdyrhald. Ein konsekvens av dette har vore auka interesse for import av lama og alpakka. Mange av desse dyra kjem frå Storbritannia og kan difor vere kronisk infiserte med tuberkulose.

Lamadyra utviklar lett sjukdom, og det har vist seg vanskeleg å finne sikre testar for å påvise smitteberarar. Når dei importerte dyra blir blanda med småfe og storfe i norske besetningar, kan smitten spreie seg vidare. Å drive med lama og alpakka kan etter mi meining aldri bli nokon stor næringsveg her til lands, og alle husdyrbrukarar ville vore best tente med strengare reglar for slik handel med mogleg tuberkulose­smitta dyr over landegrensene.

Arve Nilsen

Takk til den faste rådgjevaren min, Eystein Skjerve, for naudsynt fagleg gjennomsyn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tuberkulose har følgt husdyra i mange tusen år og er framleis ein frykta sjukdom i store delar av verda.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis