Kunnskap
Trøbbel med tarmen
Alvorleg tarmbetennelse hos ein kalkun kan ha fleire årsaker, men ein kombinasjon av tarmparasittar og bakterien Clostridium perfringens er som regel naudsynt, skal han få så alvorlege skadar i tynntarmen som vi ser på dette biletet.
Foto: Magne Kaldhusdal / Veterinærinstituttet
Dei siste åra har vi høyrt og lese mykje om at ein sunn tarm er viktig for folkehelsa. Men det er ikkje berre menneske som kan få trøbbel med tarmen, husdyra våre kan òg få vondt i magen. Tarmbetennelse er ein vanleg sjukdom i norske kalkunfjøs og er i dag den viktigaste årsaka til antibiotikabehandling i kalkunbesetningane. Men oppal av kalkun er ei lita næring, både i Noreg og internasjonalt, og vi har skuffande lite kunnskap om sjukdom og velferd hos desse store husfuglane.
Tarmbetennelse
Det har vist seg at kalkunkyllingane er mest sårbare for tarmbetennelse når dei er frå fire til sju veker gamle. Kalkun blir fôra fram i store fjøs, på same vis som slaktekylling, vanleg storleik på besetningane i Noreg ligg på mellom 5000 og 13.000 fuglar. Hofuglar og hannfuglar blir alte opp åtskilde. Hofuglane blir slakta etter tolv veker, og det er dei som endar opp som porsjonsfugl til jul og nyttår. Hannfuglane blir slakta sju veker seinare, dei blir gjerne tolv kilo store, og kjøtet blir brukt til pålegg, pølser og anna.
Omfanget av tarmsjukdom varierer mellom besetningane og gjennom året. Det som blir kalla alvorleg tarmbetennelse (nekrotiserande enteritt), kjem av bakterien Clostridium perfringens som veks opp i tynntarmen og skil ut gift som skader tarmveggen. Dyra døyr ofte raskt av uttørking eller blodforgifting. Men det er som regel tarmparasittar av typen koksidiar som først banar vegen for bakteriane. Koksidiane er parasittar som lever inne i cellene i tarmslimhinna og øydelegg cellene medan det blir sleppt ut store mengder nye parasittcystar til miljøet. I den skadde tynntarmen som er fylt med cellerestar og ikkje-oppsogen næring, er det lett for dei giftproduserande bakteriane å vekse opp.
Naudsynt med medisin
For å redusere parasittplagene og på det viset førebyggje bakterieoppvekst og tarmbetennelse får kyllingane parasittmedisin dei første åtte til ni vekene etter klekking. Det mest vanlege middelet er monensin, eit stoff som er i slekt med narasin. Det var vanleg å bruke narasin i kyllingfôr for å hindre oppvekst av tarmparasittar, men i 2014 kom ei rekkje avisoppslag der narasin vart sett i samanheng med utvikling av antibiotikaresistente bakteriar, og middelet vart fasa ut kort tid etter det. Narasin er i tillegg giftig for kalkun, og sjølv om monensin er mindre effektivt, er det i dag det mest brukte middelet for kalkun. Ein viktig grunn til at det er meir naudsynt med medisin til kalkun enn til kylling, er at det ikkje finst nokon god koksidiosevaksine til kalkun. Det ser òg ut til at kalkunane er meir utsette for tarmbetennelse enn slaktekyllingane er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.