Kunnskap
Trafikklys
Lindesnes fyr i mørkeret. I mange generasjonar har fyrlysa og seglingsmerka vore viktige for å sikre folk ei trygg ferd langs kysten. No skal nye trafikklys sikre villfisken mot åtak av den frykta lakselusa, men kor sikker er denne ordninga?
Foto: Philip Gabrielsen
Her på kysten har vi lenge hatt eit merkesystem med fyrlykter, vardar og stakar som peiker ut kursen, slik at sjøfolk skal kome seg trygt ut og heim. Følgjer du hovudleia, skal du til dømes ha raude stakar eller blink (lateralmerke) på babord side, grøne på styrbord. Fleire og meir intrikate reglar for blenkande lys må du òg sette deg inn i om du ferdast på sjøen i vintermørket. Men uansett, reglane er til for tryggleiken din og for å bli brukte.
Nærings- og fiskeridepartementet innførte i oktober 2017 eit nytt system: trafikklysordninga. Samstundes delte dei kysten inn i 13 produksjonsområde. Hovudmålet med ordninga er å skaffe villfisken ei trygg reise langs kysten, utan for alvorlege angrep av lakselus. Kvart område får ein farge: grøn, gul eller raud. I grøne soner skal oppdrettarane kunne kjøpe meir volum frå staten. I gule soner får dei nøye seg med det dei har, og i raude soner må mengda fisk reduserast. Og det er lakselusa som skal vere trafikkonstabelen.
MYKJE VIL HA MEIR
Eg har hatt små ungar, og dette har eg erfart: å løne dei først og krevje innsats etterpå fører til skrik og skrål, og til slutt må du som regel gjere jobben sjølv. Det er det dilemmaet den nye fiskeriministeren har arva etter veksthungrige forgjengarar. Det grøne lyset vart slått på alt i 2018. Då kunne dei som var i grøne soner, og alle som kunne vise til låge lusetal uavhengig av sone, kjøpe seg ein volumvekst på 2 til 6 prosent, noko vart òg lagt ut på open auksjon.
Slik heldt det fram i 2019 og i 2020, og berre i år kjøpte næringa nytt volum frå staten for nærmare 6 milliardar kroner. Rekna om til oppdrettsvolum kostar det om lag 6000 kroner for kvar kubikkmeter med sjøvatn som skal brukast til oppdrett. Det kostar å vere med på denne dansen, men ein dyktig oppdrettar kan med litt flaks dekkje inn investeringa etter berre nokre få år.
Men no kom tilleggsrekninga frå staten. Ei raud sone er oppretta frå Nordhordland til Hustadvika (område 3 og 4), og staten krev at oppdrettarane der må ta ned produksjonen sin med 6 prosent. Og det er det mange som ikkje har lyst til. I produksjonsområde 4, Nordhordland til Stad, har 25 oppdrettarar gått til sak mot staten for å finne ut om det finst heimel til å ta frå dei 6 prosent av laksen i merdane. Det har lenge vore høge lusetal på både oppdrettsfisk og villfisk i området, men oppdrettarane meiner det er lite som kan bevise at verksemda deira verkeleg er så øydeleggjande for villfisken. Dessutan har dei sjølve tatt til orde for andre og etter deira syn langt meir effektive tiltak enn redusert produksjonsvolum, som å flytte meir av produksjonen til haust og vinter og ha så lite fisk som mogleg i sjøen i den tida på våren då smolten vandrar ut. Dei understrekar at dei ikkje er mot trafikklysordninga i seg sjølv, men berre den delen som har med nedgang i produksjonen å gjere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.