Kunnskap
Torsk
Med merdar og teknologi henta frå laksenæringa skulle dei nye torskeanlegga bli effektive og levere fersk torsk heile året. Her ser vi veging av torsk i mai 2009.
Foto: Arve Nilsen
Inne i merdane lyste det kvitt av stor torsk som flaut med buken opp. Nokre slo svakt med sporden, andre berre flaut heilt stille i overflata. Eg stod rådvill i servicebåten saman med dei som jobba på anlegget. Det såg like ille ut i alle merdane bortetter, og det var ingen gode råd mot plagene fisken hadde.
Vi hadde funne rikeleg med bakteriar og parasittar, men hadde ingen gode medisinar. På toppen av alt vart fisken for tidleg kjønnsmogen og stoppa i vekst, og mange døydde med buken mest sprengd av rogn. Året var 2008, og oppal av torsk var den nye næringa som skulle fremje arbeidsplassar og inntekt langs kysten.
MERKEVARE
Torsk (Gadus morhua) er eit vanleg fiskeslag i heile Nord-Atlanteren. Nokre er stadbundne og held seg nær kysten, andre lever lenger til havs. Ordet torsk kjem frå gamalnorsk turskr som betyr tørrfisk, og tørka torsk er ei av dei eldste merkevarene i norsk eksportindustri. Heilt sidan 70-åra hadde fiskebåtar frå Noreg, Europa og Russland (og før det Sovjetunionen) drive eit overfiske av torsk i både Nordsjøen og Barentshavet. Oppal av torsk kunne bli redninga for norsk eksport av torsk, særleg i tida utanom det store sesongfisket av skrei i Nord-Noreg.
Planar for rask vekst av torskeoppdrett vart lagde, styresmaktene dytta raust med pengar inn gjennom Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg, SkatteFUNN og EU-prosjekt var med på å sette fart på skuta. I 2002 starta matforskingsinstituttet Nofima med eit nasjonalt program for avl av torsk til oppdrett, og med merdar og fôringsteknologi henta frå laksenæringa skulle dei nye torskeanlegga bli effektive og levere fersk torsk heile året. På det meste produserte anlegga i sjøen 19 millionar kilo torsk i året, ein analyse frå Sintef i 2008 antyda ein auke til 60 millionar kilo til ein pris på 30 kroner kiloen, sløgd og ferdig pakka.
PROBLEM I KØ
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.