JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Taredyrking

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sukkertaren veks raskt sjølv ved låg vasstemperatur, og det går endå fortare om han blir gjødsla med litt næring frå fiskeoppdrett.

Foto: Veterinærinstituttet

5065
20201016

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinær-
instituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene
av lakseoppdrett.

I soga om den berykta krigaren og vidgjetne skalden Egil Skallagrimsson kan vi lese at då sonen Bodvar drukna på havet i Borgarfjorden på Vest-Island, mista Egil alt livsmotet, og han låste seg inne for å svelte i hel. Men dottera Torgerd visste råd for å få den gamle opp av senga. Først la ho seg ned for å døy i lag med far sin, så byrja ho å ete tare. Då Egil ville vite kva det var godt for, svara ho at å ete tare ville framskunde dauden. Egil tykte om ideen og togg på tangen, han med. Torgerd sa ho blei tørst av den salte tangen og drakk mjølk, faren ble med på det òg. Så meinte Torgerd at det var ei skam at den gjæve son hans ikkje skulle ha eit skikkeleg kvad med seg til den andre sida. Om Egil var nedbroten av sorg, var han framleis ærekjær, og han stod opp og skreiv det mest berømte og særmerkte kvadet frå heile vikingtida: Sonatorrek (sonetapet). Medan kvadet blei til, kom kreftene attende, og Egil levde i enno mange år på storgarden sin.

Næringsrik løyndom

Å bruke tang til mat er kan hende ikkje lenger knytt direkte til sjølvplaging, men tang blei aldri nokon viktig del av menyen i Noreg. Rett nok fekk husdyra mange stader langs kysten sin daglege dose av tang. Artsnamn som sauetang, grisetang og butare viser tydeleg at det som vaks i fjøra, også vart hausta til dyrefôr. Men den rike floraen av næringsrik og velsmakande mat som vaks i eller rett nedom flomålet, vart lite nytta til mat for folk. Den tarearten som Torgerd togg på, var søl (Palmaria palmata), ein ganske liten raudalge som veks på fjellgrunn eller på stilken av andre tareartar. Planten har ein mild og nøtteaktig smak, er lett fordøyelege og inneheld ein utruleg kombinasjon av sukkerartar, protein, aminosyrer, A- og B-vitamin og bortimot alle mineral menneskekroppen treng.

Ein annan freistande og like næringsrik tare som finst i ufatteleg store mengder, er sukkertaren (Saccharina latissima) som veks langs heile kysten med ein samla biomasse på om lag 20 millionar tonn.

Litt marinbiologi

Her er det greitt med ei lita oppklaring om korleis livet i havet er organisert. På landjorda må plantar hente CO2 og vatn frå lufta, og dei får tak i vatn, mineral og næring frå jorda dei veks i, og med hjelp av dei mange mikroorganismane som lever i tett symbiose med planterøtene. I havet er CO2 og alle næringsemne løyste opp i vatnet, og plantar kan anten flyte fritt rundt med straumen (plankton) eller feste seg på botnen. Men røtene er berre festa for ikkje å bli vaska bort av straumen, og plantane er avhengige av straum og god vassutskifting for å få tak i næring. I fjøresona er det god utskifting, og dei store algane som veks der, kallar vi ofte tang. Tangen toler ulik grad av tørke og frost, medan dei algane som treng sjø rundt seg heile tida, veks litt djupare, og det er desse – ofte meir bladrike – algetypane vi kallar tare.

Multitrofisk havbruk

Størsteparten av all akvakulturproduksjonen i verda skjer i Asia, og det er planteproduksjon som i volum er den absolutt største næringa. I Noreg seier vi «havbruk» eller «akvakultur», men vi tenkjer stort sett berre éin ting: «fiskeoppdrett». Når vi seier «fisk», tenkjer vi stort sett «laks». Rett nok bruker vi havet til å produsere laks, men vi har mykje å gå på før vi med rette kan seie at vi driv havbruk. Plantane (inkludert plankton) står for primærproduksjonen i havet, som på landjorda. Men i havet er det ein komplisert vev av dyr på ulike nivå. Nokre et plantar, nokre et andre dyr, nokre et dyr som et dyr. For kvart nivå forsvinn 90 prosent av energien, og på det viset kan ingen biologiske system evne å støtte meir enn fire til fem såkalla trofiske nivå (gresk trophos betyr å fø). Laks står ganske høgt i denne veven, taren står nedst. Havbruk der vi dyrkar mat på ulike trofiske nivå, blir kalla multitrofisk havbruk.

Enkel matematikk

Det er mogleg å fôre fram 1 kilo laks med 1,15 kilo laksefôr. (I sjøanlegga varierer det frå 1,0 til 1,5 kilo.) Laksen skit, og noko fôr går forbi og til botns, og med 1,15 kilo fôr kan vi gjette på at det blir eit utslepp på om lag 250 gram partiklar totalt. (I faglitteraturen er det merkeleg nok stor usemje om desse tala.) Mykje næring vil òg bli skild ut i oppløyst form, det gjeld særleg nitrogen (og CO2, naturlegvis).

Vi har gjort forsøk med å dyrke sukkertare i avløpsvatn frå laksemerdar, og vi såg at taren voks fortare og tok til seg meir nitrogen når han vart gjødsla. For å ta opp nitrogenet som flyt ut i vatnet frå produksjonen av 1 kilo laks, treng vi ut frå desse forsøka om lag 1 m2 med tarefarm, og frå det kan vi hauste 15 kilo fersk tare (inntil 1,4 kilo tørrvekt).

Ved å dyrke mat på lægre nivå kan vi produsere mykje meir mat i havet og samstundes redusere skadeverknadene på miljø og klima. I Noreg driv vi ikkje med slikt. Enno.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ved å dyrke mat på lægre nivå kan vi produsere

mykje meir mat i havet og samstundes redusere

skadeverknadene på miljø og klima.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis