JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Styrhuset

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei gamle grekarane forstod det: For å handtere verda må ein ha eit fast punkt i universet. Styrhuset kan vere ein slik stad.

Alle foto: Arve Nilsen

4278
20200911

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinær­instituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene
av lakseoppdrett.

Regnet sila ned kaldt og jamt frå ein jarngrå himmel. Her inst i fjorden var sjøen like grå, mellom flodmålet og det låge skydekket var berre ei lita glipe med gult og visse gras, svart berg og brun tang synleg. Eg var på jobb, og jobben denne dagen var å telje opp kor mykje fisk som døydde i anlegget, og finne ut kvifor. Saman med meg var to av karane frå oppdrettsanlegget, dei køyrde båten og sjaua og drog i tau og håva fisk medan eg stod klar med skalpell og anna utstyr til prøvetakinga. Vi var alle utrusta med litt slitne, gule regnklede, vernestøvlar og arbeidshanskar, men no var det tid for kaffipause.

Kan nokon ha det betre?

Eg vart ståande i styrhusdøra for å trekke frisk luft. Dette var i 2002, før røykjelova, og innanfor sat dei to arbeidskarane godt planta med kaffikrus og kvar sin rykande rullings (det er ikkje lett å halde sneipen tørr i slikt eit vêr). Eg såg utover båten og anlegget og inn i den grå regnskodda og spurde: «Korleis trivst de eigentleg med denne jobben, karar?» Svaret kom snøgt og unisont: «Vi kunne ikkje hatt det betre!» Og dei la til: «Vi ville aldri bytt bort denne fridomen med eit kontor.»

Då næringa var ung, kom arbeidsfolka frå alle kantar. Mange hadde vore fiskarar, nokre spedde på inntekta frå eit lite småbruk med å jobbe vakt på eit anlegg, og det var overraskande mange lærarar. Det var ei tid med rask vekst og mange bølgedalar. Og det var ikkje eit særleg kvalitetssikra arbeidsmiljø. Men fridommen på sjøen og den generelle optimismen i næringa freista mange. Etter kvart har mange unge tatt havbruksutdanning heilt frå vidaregåande, og fagbrev og betre organisering og høgare lønn har gitt fiskerøktaryrket høgare status. Ungdommar frå stader som Bremanger, Vevelstad og Gratangen ser at dei kan ha ei framtid med jobb og inntekt på anlegg som ligg berre nokre sjømil frå heimplassen.

Teknisk revolusjon

Mange set sin lit til ny teknologi og big data. Unge konsulentar med dress (og litt for spisse finsko) kan fortelje deg alt om dette, berre du betaler dei godt nok. Datamaskiner og algoritmar er viktige reiskapar for å handtere og analysere all den informasjonen som vi samlar opp. Men om ei maskin kan gi oss svara, så er det førebels berre menneske som kan stille spørsmåla.

Det er menneske som må til for å handtere båtane, sjå til fôringa av fisken, vurdere vêrmeldinga for helga og finne ut om det kan gå an å sortere fisk no eller om dei må vente til veka etter. Det er menneske som må ta ansvaret når teknikken sviktar, når nota har rivna og fisken har rømt. Og ikkje minst er det berre vi menneske som saman kan handtere dei viktige etiske utfordringane. Maskinlæring er sikkert fint for maskinene, men folk må òg lærast opp. Med nye typar anlegg, resirkulering av vatn og avansert sensorteknologi kjem endå større behov for arbeidsfolk med høg teknisk utdanning.

Styrhusprat

Men styrhuset har vore ein møtestad for fiskedokterar, fiskeoppdrettarar og båtfolk. Det eg kallar styrhuspraten, er framleis ein viktig og meiningsfull del av jobben, sjølv om møtestaden no oftast er eit godt opplyst møterom om bord i ein fôrflåte. Der møtest folk med all slags bakgrunn og erfaring, dei et matpakken sin, drikk kaffi og diskuterer og løyser store og små problem.

Kvifor har fisken i nokre av merdane ete så dårleg dei siste vekene? Finn dokteren nokon teikn til sjukdom eller har fisken vorte stressa av algar eller brå endringar i vasstemperaturen? Er det meir lus på fisken no enn ved siste teljing? Har nokon høyrt korleis det gjekk med behandlinga på andre sida av fjorden i førre veke?

Diskusjonane gir oss ofte fleire spørsmål enn svar. Arkimedes er ein viktig person for oss som ferdast på sjøen, sidan han oppdaga det hydrostatiske prinsippet og på det viset forklarte kvifor båtar kan flyte: at ein lekam har oppdrift i vatn lik vekta av det volumet vatn han trengjer bort. Arkimedes utretta mykje, han skal òg ha sagt: «Gje meg eit fast punkt (og ei lang nok vektstong), og eg skal løfte verda.» Eg trur styrhuset kan vere eit slik fast punkt.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om ei maskin kan gje oss svara, så er det føre-

bels berre menneske som kan stille spørsmåla.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis