Kunnskap

Storfehoste

I ein norsk studie fann forskarar frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) dyr som var sjuke med BRSV i meir enn 50 prosent av dei undersøkte storfebesetningane. På biletet er det Thea Blystad Klem som lyttar etter lungesjukdom hos ei mjølkeku.
I ein norsk studie fann forskarar frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) dyr som var sjuke med BRSV i meir enn 50 prosent av dei undersøkte storfebesetningane. På biletet er det Thea Blystad Klem som lyttar etter lungesjukdom hos ei mjølkeku.
Publisert

Det banka hardt på døra, i mørkeret utanfor stod ein oppkava gardbrukar i fjøsklede. Inne i stova hos ein av naboane i grenda sat eg i barnebursdag og åt sjokoladekake medan treåringane huia rundt.

Ein time tidlegare hadde bonden gått til kveldsstellet, og der fann han ei ku som låg flatsides i båsen med krampar i heile kroppen og hovudet i ei vridd og unaturleg stilling. Fleire andre kyr stod med grønaktig, skummande diaré. Han sprang inn i våningshuset og ringde til veterinærvakta.

Veterinæren, det var eg, men vi budde på ei lita øy på helgelandskysten og om kveld og i helgane delte eg vakta med dyrlegane på fastlandet. Vakthavande på andre sida av fjorden vurderte det som best om den næraste dyrlegen (eg) kunne sjå til kua med ein gong. Eg hadde sorglaus lagt frå meg vakttelefonen på kontoret, men øya var lita, og dyrlegen var tydelegvis lett å finne. Så no stod eigaren av kua her, sveitt og arg, og eg hadde ikkje anna å gjere enn å kaste meg i bilen med finkleda på og sjå til elendet.

Dramatisk diaré

Vel inne i fjøset var ikkje diagnosen så vanskeleg å stille: Kua hadde litt høg temperatur, rask og hamrande puls, verka stiv i heile kroppen. Den kraftige diareen hadde på kort tid tømt kroppen hennar for væske og seinka opptaket av viktige mineral. Det etterfølgjande brå fallet i magnesium og kalsium i blodet hadde ført til dette alvorlege krampeanfallet, som ho ville døy av om ho ikkje fekk rett medisin.

Medisinen hadde eg alt klar i kofferten: ei lita flaske med oppløyst magnesium og kalsiumsalt som eg kunne setje intravenøst. Sjølve behandlinga tok eit kvarters tid, pulsen roa seg, krampane stilna og kua var på føtene ein halvtime seinare. Barneselskapet var over, men både eg og gardbrukaren var letta og nøgde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement