JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Spøkelsesfiske

Det er vanskeleg å tru at eit fenomen som spøkelsesfiske og dyretragediane det fører med seg, hadde vore akseptert på landjorda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eigarlause garn og anna fiskeutstyr som ikkje blir røkta eller teke opp, fører til store lidingar for fisk og andre dyr i havet.

Foto: Dimitris Poursanidis / GRID-Arendal

5481
20240315
5481
20240315

Eg skjønte det var noko gale då blåsa med iletauet var søkk borte. For å få opp krabbeteinene eg hadde sett dagen før, måtte eg bort til skjeret der landtauet var festa, og starte draginga der. Men eg kom berre halvveges før det heile stod bom fast. Dei siste teinene på rekka hadde kanskje sklidd utfor ein skrent og kilt seg fast der nede i djupet. Skrekkbilete av mine spøkelsesteiner, fylte med halvdaude og daude fisk og krabber, flimra for auga, og eg kjente meg som ein tankelaus skurk.

Fiskeutstyr som blir ståande i sjøen, er ikkje berre eit problem for hobbykrabbefiskarar. Linefiskar William Sem Fure skreiv i Dag og Tid 23. februar om korleis spanske fiskarar har fått skatteavdrag ved kjøp av nytt utstyr, og difor har funne det enklast å dumpe gamalt utstyr på havet i staden for å bøte eller ta det heim til gjenbruk.

Her heime gav tingretten i Tromsø nyleg dom i ei sak om såkalla spøkelsesfiske, der torskegarn hadde blitt ståande i fleire månader utan tilsyn. I haustingsforskrifta (2022) er det generelle kravet at fiskeutstyr skal røktast minst ein gong i veka, medan garn til fiske etter torsk, hyse og sei skal røktast dagleg. Økokrim tok saka til retten, og å la garn stå utan tilsyn i sjøen blei no, for første gong i norsk rettshistorie, dømt som eit brot både på haustingsforskrifta og lova om dyrevelferd.

Ein vond sirkel

Mitt krabbefiskeproblem og akutte samvitsnag blei løyst ved at eg fekk draghjelp av ein kamerat med litt større båt. Men store mengder fiskeutstyr blir tapt på havet kvart år. Her i Noreg har Fiskeridirektoratet årvisse tokt for å samle opp slike fiskereiskapar, og berre i 2023 sanka dei inn 1339 garn, 42 km line, 229 teiner og store mengder med tau. Blå­kveitegarn som står på store djup, gjerne kring 1000 meter, kan bli ståande lenge i sjøen og er dei garna som fangar og drep mest fisk og krabbe. Sel og niser dykkar ikkje så djupt og går seg oftare fast i garn for torsk eller breiflabb.

Problema er naturlegvis størst i spøkelsesgarn og teiner som blir ståande utan røkting, og som held fram med å fange fisk. Denne fisken er eit freistande matfat for rovdyr og åtseletarar, som også kan setje seg fast i jakta på lettvint føde. Det heile blir ein vond sirkel der nede i djupet. Europeiske studiar har vist at spøkelsesgarn kan fange fisk effektivt i eit halvt til eitt år før dei søkk eller flokar seg saman. Men garn, liner og tau kan i lang tid halde fram med å vere farlege for større fisk eller sjøpattedyr, som kan vikle seg fast og bli skada eller døy. Vi har enno ein lang veg å gå for å sikre eit trygt levemiljø og god velferd for dyrelivet i havet. Det er vanskeleg å tru at eit fenomen som spøkelsesfiske og dyretragediane det fører med seg, hadde vore akseptert på landjorda.

«Store mengder fiskeutstyr blir tapt på havet kvart år.»

Stressande og vondt

Forskarar frå Havforskingsinstituttet meiner at fisk som blir fanga i garn, som regel får klemt fast gjellelokka og blir kvelte i løpet av få timar. Fisk som blir fanga i botngarn, blir fort angripne av slimål (pirål) eller marflo (botnlus), og det er vanleg at fisken blir skada medan han enno er i live. Fisk er dyr med eit rikt sanseapparat, der følesansen i huda ser ut til å vere særleg godt utvikla. Fisk har den same typen nervesystem og hormonsignal som andre virveldyr for å setje i gang ein stressrespons, og nyare forsking har vist at fisk har evne til læring, og at dei kan ha ei oppfatning av korleis dei har det. Å bli fanga og kvelt i eit garn eller svelte i hel i ei teine kan vi rekne med er både stressande og smertefullt.

Betre er det ikkje for sel og niser som blir sitjande fast under vatn. Kval som blir fanga i garn, får panikk, og i kampen for å slite seg laus kan dei påføre seg store sår, avbrotne kjevebein, alvorlege skadar i muskulaturen, og lungene og luftrøyra blir fylte med blodig skum. Ville dyr som blir jaga eller fanga, kan òg bli så stressa at hjarte- og skjelettmuskulaturen sluttar å fungere, ein tilstand som blir kalla «capture myopathy». Skada muskelceller lek myoglobin og andre stoff ut i blodet, mjølkesyrenivået fyk i veret, og dyra kan få høg feber, nyresvikt eller hjartestans. Dyr som kjem seg laus etter kraftig kamp, kan døy av slike skadar mange dagar seinare.

Niser som blir fanga under vatn, får panikk og druknar fort.

Foto via Wikimedia Commons

Tvilsam framferd

Dei tradisjonelle fiskemetodane er i seg sjølv ei utfordring for dyrevelferda. For vanleg fiske vil det bli betre velferd ved å korte mest mogleg ned på fangsttida og ved å finne metodar for hurtig bedøving og avbløding av fisken. At fisk og krabber blir rekna som uønskt bifangst og kasta daude eller hardt skada tilbake på sjøen, er ei tvilsam framferd som må ta slutt, av omsyn til både dyrevelferda og ressursane i havet. Sjøfuglane, som elles har sitt å stri med, slit òg når dei set seg fast i fiskereiskapar. Å bli fanga i garn og drukne er rekna som ei viktig dødsårsak for fleire artar av sjøfugl, særlig unge individ av artane skarv, ærfugl og alkefugl.

Lysglimt finst heldigvis, eller kanskje rettare lydglimt. Havforskarar har rekna ut at fleire tusen niser blir fanga i garn kvart år, men forsøk har vist god effekt av utstyr som åtvarar nisene ved å sende ut regelmessige lydsignal, såkalla akustiske pingarar. I Vestfjorden er det i tida frå 1. januar til 30. april påbode med bruk av slikt utstyr, og det er eg viss på at nisene er nøgde med.

 Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis