JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Smugling

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er det aller viktigaste du kan gjere når du skal ha deg hund: Besøk oppdrettaren og kontroller at alt er som det skal med mora og kvalpane.

Foto via Wikimedia Commons

4795
20230825
4795
20230825

Det er store pengar å tene på ulovleg sal av kjæledyr, samstundes er straffa for slik dyrekriminalitet svært låg samanlikna med til dømes narkotikaomsetning. Smugling av kjæledyr er difor blitt ei kjekk attåtnæring for dei som driv med annan organisert kriminalitet i Europa.

Dyreeigarar i land med høgt inntektsnivå, som Noreg og Sverige, er populære kundar for denne organiserte dyremishandlinga.

Kynisk

Det har lenge vore kjent at ville dyr blir fanga inn og smugla verda rundt, men det har vore mindre merksemd om ulovleg import og sal av vanlege familiedyr.

Under pandemien ville mange ha seg eit kjæledyr, etterspurnaden auka, særleg for dei mindre hunderasane, og det kom stadig fleire tilbod om kjøp av dyr på nettet. I jungelen av tilbod, frå Finn.no til freistande nettsider frå Sør-Korea, dukkar det også opp mange useriøse eller kriminelle aktørar. Og det ser ut til å vere skuffande enkelt å lure folk med bilete av søte hundekvalpar, eller med annonsar der folk blir oppmoda om å kjøpe og ta vare på eigarlause dyr.

Mange av dei ulovleg importerte kvalpane kjem frå såkalla kvalpefabrikkar i Aust-Europa, som i Polen og Russland. Forretningsmodellen er like enkel som han er kynisk. Tispene blir stengde inne i tronge og skitne bur og para så ofte som mogleg for å få maksimal produksjon av kvalpar. Kvalpar er små og lette å ta med i bagasjen, og dei blir ofte frakta over landegrensene under svært dårlege forhold, med stor fare for å døy under transporten.

Kvalpane blir tekne tidleg frå mødrene og så transporterte rundt i Europa, nokre gonger utan mat og vatn for at dei ikkje skal gjere frå seg undervegs. Det er funne hundekvalpar som var dopa ned og teipa fast under bilsetet og så transportert i åtte–ti timar eller meir.

Det er ikkje overraskande at dyr døyr av slik mishandling, men transporten kan likevel løne seg godt så lenge nokre av dyra kan seljast for høg pris til godtruande kundar.

Grenselaust

Det siste året har Noreg vore med på ein felles europeisk aksjon mot illegal handel med kjæledyr. På eit seminar om dyresmugling under Arendalsveka no i sommar rapporterte Mattilsynet, Økokrim og Tolletaten om erfaringane frå dette arbeidet.

Tolletaten her i landet kontrollerte i 2022 meir enn 30.000 hundar og avdekte fleire tilfelle av dyresmugling, men det er svært vanskeleg å finne det reelle omfanget av den ulovlege trafikken. Berre innanfor EU reknar styresmaktene med at det vert smugla opptil 8 millionar kvalpar i året, med ein samla verdi på meir enn 10 milliardar euro.

Smuglinga skjer med alle typar transportmiddel: bil, båt, fly og tog, og mange av smuglarane er gjengangarar som har god kjennskap til korleis dei kan lure seg inn over grensene med ulovlege dyr i bagasjen.

Dei som smuglar, presenterer gjerne dyra som sine, sidan det er lettare å ta med eigne dyr over grensestasjonane. Men det kan vere vanskeleg å argumentere for at ein tek med seg fem nesten nyfødde kvalpar på vitjing til eit anna land, og det har ført til at fleire smuglarar no freistar å transportere høgdrektige tisper for at dei skal kvalpe i mottakarlandet.

Smittsamt

I Mattilsynet har dei sett at smuglarane legg mykje arbeid i å lage falske hundepass og helseattestar. Dei finn falske attestar for vaksinering mot rabies og heimelaga stempel smuglarane nyttar til å lage falske tolldokument. Dette er alvorleg fordi hundar som blir smugla inn til landet, kjem frå delar av Europa der det er vanleg med ei rekkje alvorlege sjukdommar vi ikkje ønskjer å ha her i Noreg, til dømes rabies.

Andre sjukdommar som kan komme inn med importerte hundar, er bakteriesjukdommen leptospirose og dei to parasittsjukdommane hjarteorm og dvergbendelmark. Alle desse sjukdommane kan spreie seg til både dyr og menneske og er absolutt ikkje noko ein vil ha inn i huset med det nye kjæledyret sitt.

Kvifor tek folk likevel sjansen på å kjøpe seg dyr frå ein ukjend avsendar i utlandet? For mange tel det nok at dei kan få tak i dyr av ein rase som det er vanskeleg å få tak i her heime, andre trur kanskje på det dei les om organisasjonar som bergar eigarlause dyr og sel dei vidare på nettet.

Sterkare grensekontroll og strengare straff kan bremse litt på den ulovlege handelen, men det vil aldri bli mogleg å ta alle smuglarane på grensa, og usunn «produksjon» av kvalpar finn vi også i Noreg. Difor ligg det eit stort ansvar på dei som kjøper dyr: alle opplysningane som kjem frå seljarane, må sjekkast grundig same kvar dyra kjem frå.

Mattilsynet jobbar no på overtid med ei forskrift som krev påbod om merking og registrering av alle hundar i Noreg. Ei slik ordning vil gjere kvardagen litt vanskelegare for smuglarane og blir ønskt velkommen av både veterinærar, Tolletaten og Politiet. På sikt bør dette vere ei ordning som gjeld alle familiedyr.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis