JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Slakting

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Før låg slakteria ofte inne i byane for å sikre folk lett tilgang til ferskt kjøt. No ligg dei store anlegga til kjøtindustrien på andre logistikk-knutepunkt, skjerma mot innsyn. Her frå storfeslakt hjå Fatland slakteri på Furuset i Oslo.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

5724
20230922
5724
20230922

Slaktaren brukte skarp ammunisjon, og når skotet gjekk, måtte vi ungane halde oss på trygg avstand frå fjøsgangen der slaktinga skulle skje. Men så snart det small, sprang vi fram frå skjulestaden for å få med oss mest mogleg av haustens dramatiske høgdepunkt. Slaktinga av sau gjekk som regel roleg føre seg, medan avlivinga av julegrisen alltid var meir spennande.

Ein gris som blir skoten på rett måte, ramlar overende og får raskt kraftige krampar i heile kroppen. For å få ei god blodtapping må du stikke djupt og presist inn i dei store halsårane i brystet, og på ein gris som ligg på bakken, må det skje før dei kraftige byksa og sparka gjer det umogleg å treffe.

Far min brukte å kaste seg over framparten på grisen for å halde han nede og raskast mogleg få inn det dødbringande knivstikket, medan vi ungane gjorde best i å enno halde god avstand for ikkje å bli råka av dei kraftige sparka frå bakføtene.

Du skal slå i hel

Ordet slakt skal ha tysk opphav og tyder «å slå». Det er eit ganske logisk val av terminologi på ein aktivitet som handlar om å slå i hel og drepe eit medvite dyr. I norsk lovgiving skal også all slakting byrje med eit «slag», eller bedøving, og etter det skal blodet tappast av. Blodtappinga er naudsynt både for å sikre at dyret døyr og fordi blod som blir att i skrotten, vil seinke den ønska pH-reduksjonen i kjøtet og auke risikoen for oppvekst av skadelege bakteriar.

Inne på slakteria blir dei største dyra, som storfe og hest, bedøvde med eit skot i hjernen med boltepistol, medan småfe og gris kan bli bedøvde med straum. For slakting av kylling er det til dømes enno tillate å henge levande fuglar etter føtene og så slepe dei gjennom eit elektrisk vassbad, ein høgst tvilsam prosess som også produsentbedrifta Animalia sjølv meiner kan gje «noe stress for dyra».

I både jødisk og muslimsk tradisjon er det forbod mot å slå dyra i svime først, der skal dyra drepast ved at slaktaren nytter ein lang, kvass kniv til å skjere over blodårer, luftrøyr og nervane i halsen med eitt djupt snitt. Grunnen til det er tekstar i Bibelen og Koranen som krev at alle dyr som blir slakta, må vere levande fram til slaktetidspunktet.

For den tida desse religiøse tekstane blei skrivne, må forbodet mot å slakte medvitslause dyr kunne tolkast som ei rasjonell åtvaring som skulle hindre folk i å ete dyr som var sjuke eller sjølvdaude. I dag veit vi at slik avliving gjev meir stress og lengre tid til medvitstap, og at det i dei fleste tilfelle blir betre dyrevelferd når ein svimeslår dyra først.

Dei muslimske samfunna i Noreg har akseptert bedøving, og meiner det held å lese ei velsigning over dyra for at kjøtet skal vere halal, eller reint. Det Mosaiske Trossamfund har større problem med dette og importerer koscherkjøt frå land der denne slakteteknikken enno ikkje er forboden.

Andenaud

For å få betre flyt av dyr gjennom slakteprosessen har dei som slaktar fjørfe og gris i Noreg, stort sett bytt ut straum med karbondioksid (CO2) til bedøvinga. For fjørfe verkar det som ei langt betre løysing enn det elektriske vassbadet, men grisane i gasskammera ser ut til å gispe etter luft og kaste på hovudet, og mange får kraftige krampar før dei svimar av. Dyrevernorganisasjonar både i Noreg og Europa har difor engasjert seg i kampen mot bruk av CO2 på gris.

Ein forskingsartikkel som kom ut i sommar, viser at når norske slakteri bruker høg konsentrasjon av CO2 (90 prosent), kan det gje bedøving etter om lag 20 til 43 sekund. Forskarane såg også at reaksjonen kan variere frå gris til gris, at nokre av grisane byrja å hive etter pusten med det same dei var eksponerte for CO2, og at dyra kan få kraftige muskelkrampar før dei misser medvitet. Forsøk frå Europa der dei bruker lægre gasskonsentrasjon, tyder på at dette kan gje mindre andenaud, men at bedøvinga då kan ta mykje lengre tid.

Langtransport

Anten vi skyt, bruker straum eller gass, drep vi uhorveleg mange husdyr kvart år, ti gonger fleire enn det er menneske på jordkloden. Dei fleste er slaktekyllingar og andre fuglar, men det er også medrekna 3 milliardar grisar, sauar, geiter og storfe. I tillegg til slaktinga kjem også det stresset og dei lidingane dyra kan bli utsette for under lasting på garden, transport og oppstalling på slakteria.

I ein fersk rapport frå den europeiske revisjonsretten viser dei til korleis stadig større einingar, meir spesialisert produksjon og hardare jakt på forteneste i alle ledd fører til transport av fleire levande dyr over lange avstandar. Rapporten peiker på det opplagde i at transport av ferdig slakta skrottar eller kjøtprodukt er eit langt betre alternativ, både for dyrevelferd og smittevern.

Respekt

Den same, triste trenden ser vi også her heime. Produksjon og forbruk av kjøt aukar, vi et i snitt snart 80 kg kjøt i året, medan talet på gardsbruk og aktive slakteri går jamt og trutt nedover. Nokre få, lokale slakteri kan alltids klare seg i konkurransen, men mesteparten av produksjonen skjer i store og sentraliserte slakterianlegg. Det fører til at dyra må stå i stadig fleire stressande timar på bil før dei kjem fram til endestasjonen.

Bygdeslaktaren i barndommen min – han hadde det treffande namnet Øksnes – hadde bestemte meiningar om handverket sitt. Blant anna bruka han alltid kniven til å rite ein liten kross utanpå hjartet, etter at hjartemuskelen var kløyvd for å få ut blodet. Den krossen var hans teikn til det avlidne dyrets evige sjel, eit prov på at slaktinga ikkje var ei valdshandling, men noko vi måtte gjere for å sjølv ha mat på bordet, og at han for sin del alltid hadde ei djup respekt for eigenverdet til dyra han drap.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi drep uhorveleg mange husdyr kvart år, ti gonger fleire enn det er menneske på jordkloden.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis