JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

5471
20240614
5471
20240614

Skjelpadder har vore på jorda mykje lenger enn vi menneske, og ifølgje dei siste funna innan evolusjonsbiologi er dei små slektningar av dei eingong så mektige dinosaurane.

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta. Men skjelpadder har òg vore populære som familiedyr, og dei har vore sette på som løyndomsfulle og kraftfulle skapningar med ei viktig rolle i mange mytologiar.

Saman med andre reptil, som slangar og øgler, er skjelpaddene vekselvarme og tilpassa meir sol og eit varmare vêr enn det vi har her i landet. Nokre skjelpaddetypar er store og berømte, som dei kolossale elefantskjelpaddene på Galápagos, eller dei vakre havskjelpaddene som med innebygd kompass legg ut på eventyrlege og farefulle reiser over dei store verdshava. Men dei langt fleste artane er små skjelpadder som lever eit meir anonymt liv inne på land eller i bekkar og tjern.

Forbodstida

Uansett levevis og storleik, alle skjelpadder kan bli svært gamle, frå 50 til over 100 år er vanleg, og alle skjelpadder har mykje av den same kroppsbygnaden, kjenneteikna av det harde, utvendige skalet. Eller rettare: skalet sit ikkje laust utanpå kroppen, men er ei merkeleg omdanning av skjelettet, der ryggskalet er ei samansmelta plate av ryggrad og skulderblad, medan brystskalet er laga av brystbein og ribbein.

«Skjelpadder er ville dyr som ikkje har nokon trong til å vere i fangenskap.»

Denne radikale flyttinga av kroppens indre støtteapparat gjev skjelpadda eit godt vern mot ytre skade, men har også gjort det litt vanskelegare å puste. Sakte rørsler er også eit av kjenneteikna til desse førhistoriske dyra.

I Noreg blei det i 1976 forbode å ha alle typar reptil som familiedyr, både skjelpadder, slangar og øgler. Reptil har andre krav til miljø og levevis enn andre familiedyr, og ein av dei viktigaste grunnane til forbodet var risikoen for dårleg dyrevelferd.

Internasjonalt var det òg eit stort problem med ulovleg fangst, avl og sal (noko som diverre ikkje har endra seg). Men folk heldt fram med å vere interesserte i denne typen eksotiske dyr, og mange dyr blei haldne i ulovleg fangenskap. Forbodet vart oppheva i 2017 for at Mattilsynet skulle få betre oversyn over dette dyrehaldet, og dei har no ei liste på 19 typar reptil som det er lov å ha i heimen.

Tre artar av skjelpadder er med på denne lista: gresk landskjelpadde, raudfota skogskjelpadde (opphaveleg frå Brasil) og kinesisk trekjølskjelpadde. Den greske landskjelpadda krev store uteareal og er ikkje tilrådd som husdyr, medan den kinesiske skjelpadda lever i vatn og må ha eit stort akvarium å bu i. Skogskjelpadder kan det vere mogleg å ha i eit vanleg hus, men dei treng også god plass, og tilrådd storleik på eit terrarium til vaksne dyr vil vere 10 til 20 kvadratmeter.

 I gamal mytologi frå både Asia og Nord-Amerika var det ei stor skjelpadde som heldt jorda og himmelen på plass.

Illustrasjon via Wikimedia Commons

Salmonella

For i det heile å ha ei skjelpadde i huset (eller eit anna reptil) må du først setje av plass til og byggje det terrariet eller akvariet som trengst, og finne ut om du klarer å halde oppe det miljøet dyret treng for å ha eit godt liv.

Alle skjelpadder treng ein temperatur på mellom 25 og 35 grader, passeleg kombinasjon av land og vatn og gode skjulestader. Det må òg vere god nok plass til å ha fleire dyr, sidan skjelpadder er sosiale skapningar. Å ha fleire hoer eller éin hann og fleire hoer kan fungere godt, medan fleire hannar saman vil fort ende med knuffing og blodig slåstkamp.

Reptil treng mykje sollys, og kunstig UV-lys saman med ein godt tilpassa diett og kosttilskot som kalsium og D-vitamin er naudsynt for å halde dyra friske og for å lage nok beinvev til skalet og resten av skjelettet. Skjelpadder kan lett få lungebetennelse, tarmproblem og infeksjonar med bakteriar og parasittar, og det er viktig med regelmessig helsekontroll.

Som andre reptil har dei ofte salmonella i avføringa, ein bakterie som også kan gje alvorleg sjukdom hos menneske. Ungar skal helst ikkje ha nærkontakt med dyra, og det er viktig med grundig vask av hendene etter all kontakt med skjelpadder eller miljøet inne i terrariet.

Heilt vilt

Men det viktigaste og mest alvorlege er nok at skjelpadder (som andre reptil) er ville dyr som ikkje har nokon trong til å vere i fangenskap. Dei er ikkje tamde på same vis som ein hund eller ein katt, og dei blir målbart stressa av kos og handtering. Ei skjelpadde som lukkar auga når du tek ho opp, gjer det sannsynlegvis ikkje av trivsel, men for å verje seg mot eit mogleg angrep.

Diverre er det framleis mange misforståingar om reptil og reptilvelferd ute blant folk flest, også hos dei som står for avl og sal. Folk vil nok gjerne det beste, men i praksis feiltolkar dei ofte åtferda til kjæledeggane sine. I ein nederlandsk studie av reptil i fangenskap fann dei manglar på dyrevelferda hos 85 prosent av dyra, samstundes som eigarane sjølv trudde at dei gav dyra sine både godt stell og ein triveleg bustad.

Det er vel og bra at dyr i fangenskap no kan få godt helsetilsyn, og dei nye reglane er sikkert med på å gjere livet lettare for dei som ønskjer å ha ei skjelpadde eller tre i huset. Kva dyra sjølv meiner, er sannsynlegvis noko heilt anna.

Ut frå det vi veit om skjelpadder og deira krav til miljø og sosialt samvær, er det ingen grunn til å tru at ei mentalt frisk skjelpadde kan sjå noko freistande i å leve isolert og innesperra i 100 år.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis