Kunnskap

Skabb

Ein typisk skabbmidd, her frå ein ulv frå Enebakk.
Ein typisk skabbmidd, her frå ein ulv frå Enebakk.
Publisert Sist oppdatert

Når skabbmidden (Sarcoptes scabiei) kjem i kontakt med ein ny vert, tek det 15 til 20 minutt før han har grave seg ned i overhuda med munnen og dei skarpe frambeina.

Vel nede i huda held midden fram med å grave seg rundt i forbløffande fart (inntil 2,5 cm i minuttet) medan han et levande hudceller og drikk vevsvæske. Etter ein jamn nedgang frå 1970-talet har skabben dei siste åra ete seg opp att til å bli ei vanleg plage her i landet. På verdsbasis er skabb ein underrapportert og alvorleg sjukdom hos både folk og dyr, ubehandla kan han føre til store helseplager og i verste fall død, og med utvikling av parasittar som er resistente mot legemiddel, må fleire og betre tiltak mot smittespreiing no takast i bruk.

SKAM 1

Som om det ikkje var nok med koronapandemien, no skal vi også slite med skabb. Episentera er gjerne barnehagar, sjukeheimar og andre institusjonar der folk er tett samla og med mykje direkte eller indirekte kroppskontakt. Skabb var godt kjent alt i Roma for 2000 år sidan, då under det treffande namnet «kløen». Frå gammalt har denne plaga vore mest vanleg der folk budde trongt og med dårlege hygieneforhold, med andre ord: ein skammeleg sjukdom for dei aller fattigaste. Og slik er det enno, nokre studiar viser at opptil halvparten av befolkninga kan vere råka i dei fattigaste samfunna.

NORSK SKABB

I Europa i dag er det annleis, men skabb er framleis knytt til tett fysisk kontakt, og i den siste tida har stadig fleire blitt kjende med desse små (0,3–0,5 mm) middane. Det heile startar gjerne som litt kløe på hendene, gjerne mellom fingrane. Huda blir raud og skorpete. Så kan det spreie seg til handledda og innsida av olbogane og etter kvart til store delar av kroppen. Kløen er kraftig, gjerne om kvelden når ein skal sove, og ser ein godt etter, kan ein etter ei tid oppdage små gangar i huda der skabbmidden har grave seg fram for å ete og leggje egg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement