JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Robot

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kyr ser ut til å trivast godt med å velje kva tid dei skal mjølkast.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

5480
20230714
5480
20230714

Å mjølke kyr har i tusenvis av år vore eit handarbeid med nærkontakt mellom dyr og menneske. No er det maskinene som overtek denne jobben, og i dag blir dei fleste kyrne i Noreg mjølka av ein robot.

Fjøstid

Utviklinga av teknologien for mjølking starta med den første vakuumdrivne mjølkemaskina i 1917. Først var mjølkemaskina kopla til eit metallspann som kunne berast frå ku til ku, etter det kom mjølketankar og røyrmjølkeanlegg før det enda med lausdriftsfjøs der gardbrukaren kunne stå oppreist i ei mjølkegrav og mjølke kyrne nedanfrå, medan dyra stod i kø og venta på tur. Men det har alltid vore kua og mjølkinga, kvar morgon og kvar kveld, som har styrt fjøstida og livet på garden.

På 1990-talet kom den store revolusjonen med nye robotanlegg, også kalla automatiske mjølkesystem (AMS). Den mest grunnleggjande endringa ved bruk av ein mjølkerobot er at både dyr og folk kan frigjere seg frå dei faste mjølketidene. Etter ei kort opplæringstid vil kyrne sjølv avgjere kva tid dei skal mjølkast, og landsgjennomsnittet ligg på om lag tre besøk til roboten om dagen.

Dei som mjølkar mest, kan vere oppe i både fire og fem vitjingar i mjølkestallen, det gjev mindre press på jurkjertlane og som regel meir mjølk i tanken. Sidan roboten tek av spenekoppane etter kvart som kjertlane blir tømde, slepp ein den skadelege tomgangsmjølkinga, og dermed har ein også redusert risikoen for speneskadar og jurbetennelse.

Å vaske jur og setje på mjølkemaskiner kan rett nok vere eit tidkrevjande og einsformig arbeid, men det har vist seg å vere ei krevjande oppgåve for maskinene å gjere dette godt nok på alle dyra utan å suge inn hår og skit. Kvaliteten på mjølka blir ikkje betre med bruk av robot. Statistikken frå rådgjevingstenesta til Tine viser at mjølk frå robotfjøs har meir bakteriar, meir frie feittsyrer og høgre innhald av vatn (høgre frysepunkt).

Fritid

For gardbrukarane tel det positivt at robotane tek lite plass i fjøset, og at dei kan jobbe 24 timar i døgeret. Studiar både i Noreg og i andre land har vist at mindre krav om faste fjøstider kan gje bønder og familien deira betre livskvalitet, så lenge leverandøren av utstyret gjev god rettleiing om bruk og vedlikehald av maskinene. Men teknologien er komplisert og kostbar. Ein robot kan mjølke inntil 60 kyr, men kostar nesten to millionar, og det krevst minst 30 til 40 dyr før det er mogleg å tene inn att denne investeringa.

Nyfiken på korleis dette går føre seg i praksis, gjekk eg på eit kveldsbesøk til naboen min, som har 40 mjølkekyr og eit nesten flunkande nytt robotanlegg. Først står vi ei stund med ein kaffikopp i handa og ser på mjølkeroboten i arbeid. Tre kyr står i kø og ventar på å bli mjølka. Når den første kua blir slusa inn i mjølkestallen, vaskar roboten spenar og jur med roterande børstar, før spenekoppane blir sette på.

Kua blir lønt med litt kraftfôr, medan roboten held styr på mjølkemengde og kvalitet. Vi slår opp i alle opplysningane om kua og mjølkinga på dataskjermen, diskuterer kvaliteten på vasking av spenar og mjølkemaskin, ser at roboten tek av spenekoppane etter tur, slepper kua ut att og vaskar alt utstyret før porten blir opna for neste ku.

Etterpå tek vi ein rusletur inne i fjøset, mellom fredelege kyr som held på med sitt, anten dei står i kø for å bli mjølka, et eller ligg og ørtar. Noko som liknar ein stor robotgrasklippar, sviv rundt og skrapar ned skit. Døra til sommarbeitet står open, og dyra ruslar fritt ut og inn.

Alle mjølkekyr har krav på fritid utandørs om sommaren, og studiar har vist at når dyra får fri tilgang til beite, vil dei fleste bruke mykje av dagen til å gå ute og ete gras. Naboen min er ikkje i tvil om at mjølkeroboten har kosta dyrt, men samstundes har han gjort arbeidsdagen lettare og betre. Kyrne hans ser òg ut til å trivast godt med den nye fridomen.

Framtid

Robotteknologien, i kombinasjon med ei databrikke i halsbandet, registrerer mellom anna mjølketidspunkt, mjølkemengde, temperaturen på mjølka (og med det på kua), kor aktive dyra er, og kor ofte dei tygg drøv. Hormonnivå i mjølka kan gje informasjon om brunst og rett tid for inseminering.

Mjølk frå kyr som nettopp har kalva, eller kyr med registrert jurbetennelse blir automatisk send til eigne behaldarar og kjem ikkje på mjølketanken. Det same skjer dersom mjølka skil seg ut med for store avvik i farge (teikn på blod), leiingsevne (teikn på akutt betennelse) eller for høgt celletal.

Men for den daglege undersøkinga av jurhelsa har det vist seg vanskeleg å erstatte arbeidet til ein erfaren røktar med ein robot. Det er store skilnader i mjølkekvalitet og celletal både mellom individ og i tida frå kalving til avsining. Dei målingane som blir gjorde i AMS i dag, er ikkje alltid presise nok til å seie sikkert om kua har jurbetennelse eller ikkje.

Det blir naturlegvis forska for fullt på betre bruk av robotteknologien. Framleis finst det openberre utfordringar med reinhald av både spenar og mjølkemaskiner, og maskinene må bli betre til å oppdage både akutte og kroniske jurbetennelsar. Men det er òg mogleg med fleire nye og spennande nyvinningar, som å gjennomlyse mjølka med infraraud stråling og på det viset hente ut detaljert informasjon om energistatusen til kua og kva ho treng av fôr.

Ein annan vinst med datastyrt mjølking er at store mengder informasjon om kvar einskild ku kan nyttast i avlsarbeidet og gjere det lettare å rekne ut presise avlsverdiar for viktige eigenskapar som utmjølking, lynne og jurhelse.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis