JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Rasehygiene

Veterinærforeininga har a°tvara folk mot uvettig innkjøp av kjæledyr, ba°de fordi mange ikkje har høve til a° gje kjæledyra eit godt nok liv, og fordi den store etterspurnaden har avla ein usunn forretningskultur hos nokre av oppdrettarane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er ein fransk bulldogg, ein populær hunderase kjend for underbit, pusteproblem og plagsame augesjukdommar.

Foto: Wikimedia Commons

5216
20210611
5216
20210611

Alle vil ha hund no for tida og på NRK er kveldane fylte med hundetrening og stell av søte kvalpar. Men kva slags hund skal du eller familien ha? I heile verda finst det meir enn 400 hunderasar, her i landet har Norsk Kennel Klub registrert om lag 200, frå chihuahua, som veg ein snau kilo, til grand danois, på storleik med ein kalv.

Veterinærforeininga har åtvara folk mot uvettig innkjøp av kjæledyr, både fordi mange ikkje har høve til å gje kjæledyra eit godt nok liv, og fordi den store etterspurnaden har avla ein usunn forretningskultur hos nokre av oppdrettarane.

Det er gode pengar i å selje kvalpar, og med det freistande å drive juks med stamtavler og helseattestar og å smugle dyr over landegrenser. Men er ikkje mykje av hundeavlen i seg sjølv unaturleg og helseskadeleg, og la oss vere ærlege – kven treng eigentleg ein bulldogg?

Bambi-effekten

Alle dei ville hundedyra er kjenneteikna av lang snute, laga for fange opp lukt, for effektiv anding og for regulering av kroppsvarme under lang og slitsam jakt sommar som vinter. Dei har lange bein og ein slank og muskuløs kropp som kan halde høgt tempo over lange avstandar.

Hundeavl har vi halde på med sidan dei første hundane blei tamde, og avlen har i store trekk skjedd etter to prinsipp: etter funksjon eller etter utsjånad. Typisk funksjonsavl finn vi for jakthundar, trekkhundar og gjetarhundar der vi hos dagens hundar òg kan kjenne att mykje av dei ville karaktertrekka.

Utsjånad er ikkje eit like godt avlsmål, der har mykje vore retta mot å få fram «søte» hunderasar der vaksne hundar liknar mest mogleg på ein kvalp. Kvalpar av alle slag er rekna som søte, og ein viktig grunn til det er at dei har ansikt som liknar småbarn: stort hovud med flatt og rundt fjes, store auge og liten nase eller snute.

Innavl

Det er òg avla for å få ekstra typiske og unormale rasekarakterar, dette er bygningstrekk som kan gjere hunden i dårleg stand til å ta vare på seg sjølv, eller som er direkte helsefarlege. Lang pels som må klippast og stellast, hengande øyre som gir auka fare for øyrebetennelse, trongt bekken som gjer det mest uråd å få til ein naturleg fødsel.

Avl for å få fram ekstreme særtrekk driv seleksjonen i retning av mindre genetisk mangfald, også kalla innavl. For dei mest populære rasane kan det bli avla hardt på litt for få foreldredyr, det fører òg til innavl, og med det får vi opphoping av nye og utilsikta helseplager. Eksempel på det er ustabile hofteledd (hoftedysplasi) hos populære artar som schæfer og labrador eller augesjukdommar som grøn stær hos flat coat retriever og kompleks augesjukdom hos collierasar.

Blandingshundar kan òg arve problem frå foreldra og har i gjennomsnitt ikkje særleg betre helse eller gemytt enn reinrasa hundar. For å få friskare dyr i framtida må dei som driv avl, rett og slett gjere ein betre jobb. Meir målretta kryssing mellom rasar for å få bort dei verste skadane kan vere vegen å gå, slik dei no gjer i Finland og Nederland.

Rundskalle-syndrom

Eit av dei mest alvorlege feilgrepa som er gjorde i hundeavlen, er å avle bort snuten hos ei rekkje populære rasar som bulldogg, engelsk mastiff og cavalier king charles spaniel. Men med underutvikla og deformert hovudskalle får desse hundane ei rekkje helseplager. Mest kjende er luftvegsproblema som kjem av lang gane, tronge nasebor og eit dårleg utvikla luftrøyr.

Hundane blir tungpusta ved sjølv lett belastning, ved varmestress eller større utfordringar klarer dei verken å ande eller å regulere kroppsvarmen og kan døy av hjartestans. I tillegg til kronisk andenaud har desse hundane ofte hjartefeil, problem med infeksjonar i dei mange hudfaldane i fjeset, tannproblem og ei rekkje augelidingar.

Ei særleg alvorleg plage er det vi finn hos mange hundar av rasen cavalier king charles spaniel. Dei har ein utviklingsfeil som fører til væskefylte holrom i den øvre delen av ryggmergen, noko som fører til eit liv med kronisk hovudverk.

Ulovleg

For lov om dyrevelferd (2009) ligg det til grunn ein større respekt for dyr og rettane deira enn i tidlegare lovar, og det er eigne krav til korleis vi skal drive avl for å sikre «robuste dyr med god funksjon og helse» (paragraf 25). Det er forbod mot å drive avl på helsefarlege eigenskapar og å avle på dyr som ikkje kan drive naturleg åtferd.

Avl på nokre av dei vanlege hunderasane strir openbert med denne loven og skulle såleis vore strengare regulert eller forbode, noko rådet for dyreetikk hevda alt i 1998. Dyrebeskyttelsen i Noreg driv ein kampanje for meir etisk hundeavl og har gått til sak mot Norsk Kennel Klub og spesielt dei som driv med oppdrett av cavalier king charles spaniel og bulldog, saka kjem opp for Oslo tingrett til hausten.

Sjølv om avlsorganisasjonane har hyra inn Geir Lippestad som forsvarar, er Dyrebeskyttelsen optimistar og meiner det er på høg tid at det manglande samsvaret mellom lov og praksis blir handsama i ein rettssal.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

La oss vere ærlege – kven treng eigentleg ein bulldogg?

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis