JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Penicillinet og slumpelukka

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alexander Fleming i laboratoriet på St. Mary’s Hospital i London i 1943. Der oppdaga han verknaden muggsoppen Penicillin notatum kunne ha på ein bakteriekultur.

Foto via Wikimedia Commons

6210
20230804

Medisinsk

Haldor Slettebø, spesialist i nevrokirurgi, skriv om medisin ein gong i månaden.

Skotten Alexander Fleming var militærlækjar på vestfronten i Frankrike under heile den første verdskrigen. På nært hald fekk han sjå tallause krigsskadde soldatar døy av sårinfeksjonar og blodforgifting under krigen. Difor er det lett å skjøna at han etter krigen ynskte å halda fram med arbeidet som forskar og bakteriolog ved St. Mary’s Hospital i London. Han var på leit etter ein effektiv medisin mot dei aggressive stafylokokkane.

Men arbeidet var mødesamt og gjekk tregt. I 1928 kom det endeleg eit gjennombrot, og Fleming vart verdskjend. Han oppdaga penicillinet og fekk Nobelprisen for det nokre år seinare. Men vegen fram til denne oppdaginga var så full av tilfeldige hendingar at det for ein stor del må kallast flaks eller rein slumpelukke.

Flaks i laboratoriet

Etter sumarferien i 1928 kom Fleming attende til laboratoriet sitt. Han hadde ord på seg for å vera litt uryddig, og som vanleg var det ureine skåler med stafylokokkulturar i stablar her og der. Han registrerte at det var kome muggsopp i ei av skålene. Skåla hadde tilfeldigvis blitt ståande udekt, og muggsoppen hadde tilfeldigvis funne vegen frå eit naborom. I ferien hadde det tilfeldigvis vore nokre kjølige dagar i den elles heite London-sumaren – kjølige nok til at stafylokokkane vart haldne i sjakk, men samstundes perfekt vêr for muggsoppen.

I ettertid synte det seg at soppen tilfeldigvis var av den svært sjeldsynte typen som faktisk produserer penicillin. Fleming kasta den forureina skåla i eit desinfiserande bad, men tilfeldigvis vart ho liggjande utanfor badet.

Ein kollega kom innom, Fleming viste fram dei uryddige skålene på benken, og for andre gong tok han tilfeldigvis ein titt på skåla med muggsopp.

Det var no han skulle ha sagt: Eureka! Men det kom berre eit lågmælt og svært britisk: That’s funny! Kring sjølve muggsoppen var det faktisk heilt fritt for bakteriar! Fleming forstod, kanskje ikkje heilt tilfeldig, at muggsoppen hadde produsert eit bakteriedrepande stoff, eit stoff som han seinare kalla penicillin, etter muggsoppen Penicillium.

Stundom finn ein det ein ikkje ser etter, skreiv han nøkternt i ettertid. Det er berre delvis rett. Han var jo på jakt etter ein vedundermedisin mot stafylokokkane, men det var uventa at løysinga faktisk låg i muggsoppen. Oppdaginga hans viste seg, litt etter litt, å vera det største gjennombrotet innan medisinsk forsking på heile 1900-talet.

Redda soldatliv

Det tok nemleg fleire år før Fleming og fagmiljøet forstod kor viktig dette funnet var. Det var vanskeleg å identifisera det magiske stoffet og å framstilla det i store nok mengder. Etter eit krevjande utviklingsarbeid i Oxford og i USA kunne penicillin masseproduserast frå 1943. Innan D-dagen i juni 1944 var det produsert nok penicillin til å forsyna dei allierte som gjekk i land i Normandie. Mange infeksjonar vart avverja eller slegne tilbake. Ein har estimert at penicillinet kan ha berga opptil 100.000 soldatliv det siste krigsåret.

Lungebetennelse

Før krigen var lungebetennelse ein livstrugande sjukdom – med dødeleg utfall for 10 prosent av 10-åringar, 30 prosent av 30-åringar og 70 prosent av 70-åringar. Dette var den gamle tommelfingerregelen heilt til me fekk antibiotika – ifylgje Dag Berild, røynd infeksjonsmedisinar og forskar. I teikneserieboka Antibiotika (Humanist forlag, 2022) fortel han korleis sjansane for å overleva sjukdomen betra seg radikalt då penicillinet kom på 1940-talet.

Det nye medikamentet kunne også kurera mange andre av dei illgjetne infeksjonssjukdomane – syfilis, difteri, gonoré – sjukdomar som hadde vore årsak til store lidingar, stigmatisering og død gjennom alle tider.

Gjer motstand

Penicillin var rett og slett ein mirakelmedisin og vart prøvd mot det meste, av dei fleste. Ja, beintfram i hytt og vêr. Og difor hende det som Alexander Fleming hadde spådd alt i 1945: Bakteriane vart resistente. Dei forsvarte seg og utvikla eller fekk overført motstandskraft seg imellom, ifylgje Berild. Feil bruk av penicillin kunne utrydda dei normale «snille» bakteriane me har i oss og på oss – og samstundes sleppa til dei skumle resistente bakteriane.

Problemet med resistens dukka opp i 1960-åra og har sidan vore jamt tiltakande. Ekstra ille har det vore i krigssituasjonar der hygienen er dårleg, infeksjonane mange og medisineringa upresis.

I dag reknar ein med at det er nær 1,2 millionar på verdsbasis – nesten like mange som folkesetnaden på Vestlandet – som døyr av infeksjonar med resistente bakteriar kvart år. Og i 2050 kan det bli 10 millionar – om lag som i covid-19-pandemien!

Svært resistente og hardføre stafylokokkar (MRSA) og tarmbakteriar dukkar opp rett som det er på norske sjukehus. I Sør-Europa førekjem dei ti gonger hyppigare enn i Noreg.

Resistente gonorébakteriar er òg i kjømda – aller verst er supergonoré, som er resistent mot det meste av antibiotika slik at det ikkje finst effektiv behandling. Så langt er det berre registrert nokre få tilfelle i Noreg, men det kjem nok fleire. Intens forsking pågår for å finna fram til vaksinar og nye antibiotika, sidan sjukdomen spreier seg snøgt.

Kan motverkast

For det første må penicillinet og andre antibiotika nyttast berre der det trengst – i rett dose og berre nokre få dagar, ifylgje Berild – ikkje til virusinfeksjonar som bronkitt eller forkjøling, som til vanleg går over av seg sjølv. Mindre antibiotikabruk gjer at dei snille bakteriane igjen kan få eit overtak.

Andre metodar må òg nyttast for å redusera faren for infeksjonar og smittespreiing – til dømes god hygiene, isolering og korrekt sårbehandling.

Nye antibiotika må utviklast. Men arbeidet er vanskeleg, og det kan gå tusen år før me har like mykje flaks og samstundes det skarpe blikket som Alexander Fleming hadde.

Difor må me forvalta dei antibiotika me har, som gull. Forsking trengst for å finna alternative løysingar i kampen mot infeksjonane, forsking der me tek i bruk både kunstig og ekte intelligens – og er opne for slumpelukka.

Haldor Slettebø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Penicillin var rett og slett ein mirakel-
medisin og vart prøvd mot det meste,
av dei fleste. Ja, beintfram i hytt og vêr.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis