Kunnskap

Oppdrett til havs

Oppdrettsfirmaet Salmar var ein sentral pådrivar for å få til ordninga med utviklingsløyve i 2015, og dei var først ute med ein havgåande oppdrettsmerd, som vart plassert på Frohavet nord for Hitra.
Oppdrettsfirmaet Salmar var ein sentral pådrivar for å få til ordninga med utviklingsløyve i 2015, og dei var først ute med ein havgåande oppdrettsmerd, som vart plassert på Frohavet nord for Hitra.
Publisert

Dette er den siste spalta i serien «Under overflata». Vi har vore innom mange ulike tema: lakselus og furunkulose, karbondioksid og ethoxyquin. Det er lett å kritisere feila frå i går, og i oppdrett er det mange feilgrep å ta for seg. Rask vekst utan god struktur i botnen er vel ei av dei mest alvorlege syndene. Men kva med framtida? Kva veg skal vi gå for å sikre utvikling av ei berekraftig og lønsam havnæring? Mange kunnskapstunge rapportar har blitt laga om korleis framtida ser ut innanfor havbruk og oppdrett, dei fleste har bomma kraftig. Men no ser både politikarar og oppdrettsnæring fram mot det som skal bli den lysande framtida: oppdrett til havs.

Grunnrente

Det har vore ein stor diskusjon om oppdrettsnæringa skal betale grunnrente til staten for bruken av havet som ein felles ressurs, slik kraftselskapa må betale for å nytte fossekrafta. Sjømatnæringa ser ingen grunn til å betale ein slik samfunnsskatt, samstundes meiner selskapa at dei skal ha rett til å bruke desse ressursane i all framtid. Vi har sett ei utvikling der det har blitt ein stadig hardare kamp om areala nær kysten, og i fleire av produksjonsområda har styresmaktene stogga vidare vekst i oppdrett fordi lusa gjer skade på dei ville bestandane av laksefisk. Det finst mange gode grunnar til at oppdrettsnæringa bør bremse opp litt, og det finst også gode grunnar til å tenkje over korleis næringa skal bidra til vekst og framgang i det samfunnet som byggjer vegane og legg straum- og vassleidningane fram til der det bur folk, og der det blir bygd oppdrettsanlegg og fiskeslakteri.

Merkevarebygging

Når produksjonen må kuttast der miljøproblema blir for store, kan dei største selskapa framleis flytte produksjonsvolum mellom ulike område. På det viset kan dei leve med restriksjonar på Vestlandet, så lenge dei kan auke i ein annan del av landet. Men enno er det ikkje nok. Dei store treng meir areal, meir volumvekst. Slik vart tanken om utaskjers oppdrett fødd, eller «offshore» som det heiter på oljenorsk. Å byggje store merdsystem som liknar på skip eller oljeplattformer, er ein gamal idé. Modellane finn du i lærebøker frå 80-åra. Men fart på sakene vart det ikkje før staten innførte ordninga med såkalla utviklingsløyve i 2015. Det vart børsta støv av gamle teikningar, dei kom no i fargar og 3D, og nye løyve vart delte ut. Store havmerdar vart bygde i Kina og taua heim til Noreg for å bli fylte med fem til ti gonger meir fisk enn det er lov til å ha i ein einskild vanleg merd. Nordmenn har alltid vore barskingar til havs, og utaskjers oppdrett passa perfekt inn i den historiske merkevarebygginga av Noreg og det norske. På denne måten kunne styresmaktene også leggje til rette for vekst i ei stagnert oppdrettsnæring, gje laksemilliardærane noko vitug å bruke familieformuen på (dei kan jo ikkje gje alt til ungane sine heller), og kan hende skaffe jobb til nokre arbeidsledige oljeingeniørar i same slengen.

Meir areal – og kva så?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement